Leiv Eiriksson
Leiv Eiriksson | |
Statsborgarskap | Den islandske fristat |
Fødd | ca. 978 Den islandske fristat, EiríksstaðIr |
Død |
ca. 1020 |
Yrke | oppdagar, sjøfarer |
Språk | norrønt |
Religion | kristendom, Norrøn religion |
Far | Eirik Raude |
Mor | Thjodhild |
Leiv Eiriksson på Commons |
Leiv Eiriksson eller Leiv den hepne (islandsk Leifur Eiríksson) var ein norrøn oppdagar fødd om lag 975 på Island, og døydde om lag 1020.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Leiv var ein viking, oppvaksen på garden Brattalid i Eiriksfjord på Grønland. Han var son av Eirik Raude, som var son av Thorvald Asvaldsson. Mora var Thjodhild. Eirik Raude er rekna å koma frå Jæren i Rogaland fylke.
Frå Brattalid reiste Leiv sørover til nordspissen av Newfoundland som han kalla Vinland. Ein reknar 9. oktober 1000 som tidspunktet for denne oppdaginga. Der bygde han hus (Leivsbuene) og overvintra. Han reiste fleire gonger nedover for å overvintra.
Bjarne Herjolvsson skal ha oppdaga og gjeve namn til Markland, Vinland, og Helluland allereie om lag 986.
I alle høve kom båe to mykje før Christopher Columbus til den verdsdelen som seinare vart kalla Amerika.
I 1960 fann Helge Ingstad att Leivsbuene på L'Anse aux Meadows i Canada.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eiríks saga rauða frå www.heimskringla.no
- Grænlendinga saga frå www.heimskringla.no
- Reportret: Leif Ericsson. Eit «rekonstruert portrett» av Leiv Eiriksson av Marco Bakker.