[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Riksveg 13

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksveg 13
Stamveg 13 logo
Rv 13 kryssar Låtefossen i Odda
Rv 13 kryssar Låtefossen i Odda
Strekning
Balestrand/LeikangerSandnes
Riksveg 13
Informasjon
Lengd 449,9 km
Status
Fylke
riksveg
Rogaland
Vestland
Ferjestrekningar 3
Tilstøytande vegar
Riksveg 13 Riksveg 13 Riksveg 13 Riksveg 13 Riksveg 13
Restriksjonar
Kolonnekøyring Vikafjellet
(om vinteren)
Nattestenging Vikafjellet
(om vinteren)

Riksveg 13 (Rv13) går mellom Stavanger i Rogaland fylke og Sogndal i Sogn og Fjordane fylke. Vegen går parallelt med Europaveg 39, men lenger aust. Mellom Oanes og Sand blir vegen også kalla Ryfylkevegen.

Vegen tek av frå E39 ved Schankeholen i Stavanger. Traséen vidare er Hundvågtunnelen - Ryfylketunnelen - Solbakk - Tau i Ryfylke - Hjelmeland ferje Nesvik - Sand i Ryfylke - Suldal - Røldalsvatnet - Seljestad - Odda - Tyssedal - Lofthus - Kinsarvik - Bu - Vallavik - Granvin - Voss - Vinje i Voss - Myrkdalen - Vikafjell - Viksøyri - Vangsnes ferje Hella. I Sogndal møter vegen Riksveg 13.

Over Vikafjellet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane passerer i gjennomsnittleg 450 køyretøy i døgnet, i januar er talet nede i 150 og i juli er trafikken opp mot 1200 i døgnet[1].

Riksveg 13 har endra trasé mange gongar.

Før 1992 hadde strekkja mellom Sand og Voss fylgjande vestlegare trasé: Ferje over til Ropeid - Sauda og vidare til Etne kommune om den planlagde Nordstøldalsvegen. Den vegen vart aldri bygd. Vidare gjekk riksveg 13 frå Håland E76 (dagens Riksveg 13) til Skånevik - ferje over til Utåker - Rosendal - Løfallstrand - ferje over til Gjermundshamn - Eikelandsosen - Tysse - Trengereid - Dale - Hamlagrø - Bulken - Voss. Samstundes var vegen mellom Sand og Røldalsvatnet E76 (dagens Riksveg 13) kjent som Riksveg 46.

Etter 1992 fekk gamle Riksveg 13 mellom Håland i Etne og Tysse i Samnanger nemninga Riksveg 48.

Vangsnes - skiftande endepunkt på nordsida av Sognefjorden

[endre | endre wikiteksten]

Før 1986 gjekk Riksveg 13 frå Dragsvik ferjekai vestover langsmed Sognefjorden gjennom Balestrand og Høyanger og møtte Riksveg 1 (dagens Riksveg 13) i Vadheim.

I dette året opna ny veg med Fjærlandstunnelen mellom Skei og Fjærland, og Riksveg 5 vart flytta til den nye vegen. Samstundes tok Riksveg 13 over traséen mellom Dragsvik og Moskog, og riksvegen gjekk då i sin heilheit mellom Sandnes og Førde. Riksveg 55 vart forlenga frå Hella og tok over strekninga mellom Dragsvik og Vadheim.

Ved regionreforma av fylkesvegar frå 1. januar 2010 blei delstrekninga nord for Sognefjorden omklassifisert til fylkesveg.

I 2019 fekk mange fylkesvegar nye vegnummer[2], og Fylkesveg 13 fekk nemninga Fylkesveg 613. Samstundes tok Riksveg 13 over traséen til Riksveg 55 mellom Hella ferjekai og Sogndal. Riksveg 55 var ei utskild delstrekning av Fylkesveg 55 med riksvegstatus frå 2010.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Stavanger kommune + Strand kommune
  • E39 Schankeholen
  • tunnel Hundvågtunnelen (5,7 km)
  • Rundkøyring Hundvåg nord, avkøyring leiar til Fv4566 Hundvåg Ring
  • tunnel Ryfylketunnelen (14,3 km)
  • Rundkøyring Solbakk, Fv523 til Oanes
 
Strand kommune
  • Fv528 frå Solbakk til Fv528 Tjaustheim
  • Fv522 frå Hundsnes til Tauåna
  • Fv522 Tauåna
  • Rundkøyring Tau, Fv4658 til Døvik
  • Fv521 frå Kvam til Fv522 Strand kyrkje (2,1 km)
  • Fv511 frå Vasstveit til Fv523 Fiskå (6,2 km)
  • Fv519 frå Holtakrossen til Holta (3,1 km med sideveg)
  • Fv528 frå Bjørheimsbygd til Fv521 Strand kyrkje
Hjelmeland kommune
Suldal kommune
D/S «Suldal»
Ullensvang kommune
Låtefossen
Odda
Fresviktunnelen
Eidfjord kommune
  • Riksveg 13 Brimnes, felles trasé til Kollanes
  • ferje Ferje frå Brimnes (10 min, 1-3 turar/time)
Ulvik herad
Bruravik-Brimnes
Voss kommune
Kvassdalen mot Vikafjellet
  • Vikafjellet - fjellovergang (om lag 976 m.o.h.) og fylkesgrense
Vik kommune
Sogndal kommune
Kvinnefossen ligg ca. 2 km aust for Hella ferjekai

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]