Tyssedal
Utsjånad
Tyssedal | |||
tettstad | |||
Tyssedal sett frå hi sida av Sørfjorden
Foto: Siri | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Areal | 0,61 km² | ||
Folketal | 587 (2023) | ||
Folketettleik | 962 / km² | ||
Postnummer | 5770 TYSSEDAL | ||
Innbyggjarnamn | tyssedøl | ||
Preposisjon | i Tyssedal | ||
Tyssedal 60°07′03″N 6°33′34″E / 60.1175°N 6.559444°E | |||
Wikimedia Commons: Tyssedal |
Tyssedal er ein tettstad i Ullensvang kommune, i Hardanger. Tettstaden ligg 6 km nord for Odda, ved riksveg 13 mot Brimnes og har 587 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg mellom Sørfjorden i Hardanger og Hardangervidda.
Tyssedal er ein typisk einsidig industristad, ilmenittsmelteverket Tinfos Titan & Iron (TTI) ligg i Tyssedal. Industrien kom til Tyssedal og Odda på byrjinga av 1900-talet på grunn av lett tilgjengeleg vasskraft. I 1906 starta arbeidet med å byggja Tysso I kraftstasjon i Tyssedal, for å levera straum til fabrikkane i Odda.
Tidlegare låg det eit aluminiumssmelteverk på industritomta. Dokumentarfilmen «Hvem eier Tyssedal?» frå 1975 handlar om arbeidarane sin kamp mot nedlegging av hjørnesteinsbedrifta.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling i Tyssedal | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1910 | 167 | |||
1920 | 1 124 | |||
1930 | 1 555 | |||
1946 | 1 402 | |||
1950 | 1 432 | |||
1960 | 1 269 | |||
1970 | 1 264 | |||
1980 | 1 020 | |||
1990 | 813 | |||
2000 | 746 | |||
2009 | 681 | |||
2012 | 653 | |||
Kjelder: |