[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Riksveg 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksveg 3
Riksveg 3
Strekning
UlsbergStange
Riksveg 3
Informasjon
Lengd 291,3
Status riksveg
Tilstøytande vegar
Riksveg 3 Riksveg 3 Riksveg 3

Riksveg 3 (Rv3) er hovudvegen gjennom Østerdalen og er stamveg. Riksvegen går mellom E6 ved Stange i Hedmark fylke og E6 ved Ulsberg i Rennebu kommune i Trøndelag fylke. Vegen er 291,3 km lang, med 277,8 km i Hedmark og 13,5 km i Sør-Trøndelag.

Riksveg 3 er den mest brukte vegen for transport mellom Oslo og Trondheim, med ca. 90 % av tungtrafikken og mesteparten av personbiltrafikken mellom dei to byane. Årsaka er at vegen er ca. 42 km kortare enn E6 og har betre kurvatur, går gjennom færre tettstader og har mindre bakkar. I motsetnad til E6 over Dovrefjell, er Rv 3 heller aldri vinterstengd. Det har difor vore foreslått å flytte E6 til Østerdalen (Rv 3).

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Rennebu kommune
Tynset kommune
Alvdal kommune
Rendalen kommune
Stor-Elvdal kommune
Åmot kommune
Elverum kommune
Løten kommune
motortrafikkveg Motortrafikkveg Ommangsvolden-Kolomoen
Stange kommune

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Riksvei 3» henta frå Wikipedia på bokmål 12. januar 2010.