Røldalstunnelen
Utsjånad
Lengd | 4 657 meter |
---|---|
Opna | 21. februar 1964 |
Røldalstunnelen 59°50′26″N 6°43′01″E / 59.8406°N 6.7169°E |
Røldalstunnelen er ein vegtunnel på Europaveg 134 og Riksveg 13 i Ullensvang kommune i Vestland. Tunnelen går gjennom Røldalsfjellet mellom Hordadalen og Seljestadjuvet. Han er 4 657 meter lang og det høgaste punktet i tunnelen er 876 moh.[1] Røldalstunnelen vart opna i 1964, og var den lengste vegtunnelen i Noreg til Haukelitunnelen opna i 1968.
Ny tunnel er vedtatt og skal etter planen oppast for trafikk i 2031. Den nye tunnelen er om lag 13 km lang og vil erstatte dagens Røldalstunnel, Seljestadtunnelen og dei tunge stigningane i Håradalen.[2]
Som mange andre tunnelar i Noreg er Røldalstunnelen noko plaga med kondens. Kondensen kan føra til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar til når ein køyrer inn i tunnelen.[3]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Røldalstunnelen». 14. februar 2009.
- ↑ «Byggjetrinn 1: Røldal - Seljestad», Statens vegvesen (på norsk bokmål), henta 5. juni 2024
- ↑ «Kartlegging av faktorer som kan ha betydning for kondensdannelse i tunneler» (PDF) (på norsk). 14. januar 2005. Arkivert frå originalen (pdf) 29. september 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Røldalstunnelen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2018.