[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Brimnes

Koordinatar: 60°28′17″N 6°54′30″E / 60.47142°N 6.908376°E / 60.47142; 6.908376
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brimnes

Brimnes var eit ferjeleie som var ein del av ferjesamabandet Bruravik-Brimnes i Hardanger. Det ligg i Eidfjord kommune i Hordaland på sørsida av Eidfjorden, som er den indre delen av Hardangerfjorden.

Ferjeleiet vart lagt ned då Hardangerbrua opna i 2013.

Brimnes eller Brynnes

[endre | endre wikiteksten]

Folkeminnesamlaren Halldor O. Opedal argumenterte i bøkene sine for at Brimnes er ei galen form, og at den rette namneforma burde vera Brynnes: «Der brynte dei eller lende med båtane sine på garden, og sjølve seier folki Brynnes med y. Bremnes med e er ei form som kontorfolk hev gripe ut or lufti. HSD brukar denne galne formi. No: Brimnes.»

  • Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus.

60°28′17″N 6°54′30″E / 60.47142°N 6.908376°E / 60.47142; 6.908376