[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Rosin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein haug rosiner.

Ei rosin er ei drue som er blitt tørka, anten ved å leggja henne i sola eller ved hjelp av eld. Rosiner vert brukte i baking, matlaging og i gløgg. Rosiner kan òg etast som dei er.

Ein stor konsentrasjon sukker i rosinene gjer dei svært søte på smak. Dersom dei blir lagra lenge kan sukkeret krystallisera seg, noko som gjer dei litt sandete når ein et dei, men ikkje elles påverkar rosinene. Dersom ein legg dei i ei væske eit tid, som alkohol, fruktjus eller kokande vatn, vil det krystalliserte sukkeret løysa seg opp.

Ein særskild type rosin er korint. Liknande tørka frukt er svisker og tørka aprikos.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]