Songen Emotional Rescue
Emotional Rescue Singel av The Rolling Stones frå albumet Emotional Rescue | ||
B-side |
«Down in the Hole» | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. juni 1980 | |
Innspelt | 1–19. oktober 1979 | |
Sjanger | Poprock, disco, dance-rock[1] | |
Lengd | 5:39 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
Produsent | The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Shattered» (1978) |
Emotional Rescue | «She's So Cold» (1980)
|
«Emotional Rescue» er ein song av det engelske rockebandet The Rolling Stones. Han vart skriven av Mick Jagger og Keith Richards og kom ut på albumet Emotional Rescue frå 1980.
Songen vart spelt inn mellom juni og oktober 1979 og er ein disco-aktig song, liknande hitten «Miss You» frå 1978. Songen er ein av dei første av bandet der ein merkar ein aukande splid mellom dei to hovudlåtskrivarane Jagger og Richards. Sjølv om Richards speler gitar og syng korvokal mot slutten av songen, skal han ikkje ha likt retninga Jagger prøvde å ta bandet i med slike disco-liknande songar. Dette kan derimot ha vorte overdrive i pressa og av det harde rockeimaget til Richards. Songen er basert på ei basslinje spelt av Ronnie Wood. Gjennom store delar av songen syng Jagger i falsett, noko som var populært for discosongar på denne tida. Bassist Bill Wyman speler synthesizer på songen, medan Jagger og Ian Stewart speler elektrisk piano.
Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet den 20. juni 1980. Songen vart godt teken imot av ein del av tilhengjarane, medan andre ikkje likte den nye musikalske retninga. Songen nådde niande plassen i Storbritannia og tredjeplassen i USA.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal, elektrisk piano
- Keith Richards – elektrisk gitar
- Ronnie Wood – bassgitar
- Bill Wyman – synthesizer
- Charlie Watts – trommer
- Andre medverkande
- Ian Stewart – elektrisk piano
- Bobby Keys – saksofon
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1980) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[2] | 8 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[3] | 9 |
Canada (RPM)[4] | 1 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] | 16 |
Tyskland (Media Control AG)[6] | 15 |
Nederland (Mega Single Top 100)[7] | 5 |
New Zealand (RIANZ)[8] | 16 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] | 11 |
UK Singles (Official Charts Company)[10] | 9 |
US Billboard Hot 100[11] | 3 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Emotional Rescue (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2009.
- ↑ Song Review by Stewart Mason. «Emotional Rescue - The Rolling Stones | Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Henta 28. mars 2018.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "The Rolling Stones – Emotional Rescue – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Henta 12. februar 2018.
- ↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – Emotional Rescue" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones - Emotional Rescue". Charts.de. Media Control. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Emotional Rescue" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Charts.org.nz – The Rolling Stones – Emotional Rescue". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones – Emotional Rescue – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Chart Stats – Rolling Stones – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 28. mars 2018.