It’s All Over Now
«It's All Over Now» singel av The Rolling Stones frå albumet 12 X 5 | ||
B-side |
«Good Times, Bad Times» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. juni 1964 | |
Innspelt | 10. juni 1964, Chess Studio, Chicago | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Decca F11934 (UK) 45-LON 9687 (USA) | |
Komponist | Bobby Womack, Shirley Womack | |
Tekstforfattar | Bobby Womack, Shirley Womack | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Womack og Shirley Womack | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Not Fade Away» (1964) |
«It's All Over Now» | «Tell Me» (1964)
|
«It’s All Over Now» er ein song skriven av Bobby Womack og Shirley Womack. Han vart først gjeve ut av The Valentinos med Bobby Womack. Singelen nådde Billboard Hot 100 i juni 1964 og vart verande der i to veker med ein 94. plass som høgaste plassering. The Rolling Stones spelte inn ei utgåve av songen som gjekk til topps på singellista i Storbritannia
The Rolling Stones-utgåva
[endre | endre wikiteksten]The Valentinos-versjonen av songen vart spelt til the Rolling Stones under den første nordamerikanske tureneen deira i juni 1964. Etter bandet høyrte songen spelte dei han sjølv inn ni dagar seinare i Chess Studios i Chicago. Bobby Womack ønskte i starten av the Stones ikkje spelte inn songen, og at dei fekk finne seg sin eigen song. Då dei første honorara kom inn etter salet av the Rolling Stones-singelen sa han at Mick Jagger kunne få kva song han ville. Singelen var den tredje the Stones gav ut i Statane og han nådde 26. plass på singellista og vart seinare gjeven ut på det andre amerikanske albumet deira, 12 X 5. Då singelen vart gjeve ut i Storbritannia gjekk songen heilt til topps på singellista, den første førsteplassen dei oppnådde.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mick Jagger - solovokal, perkusjon
- Keith Richards - sologitar, korvokal
- Brian Jones- rytmegitar, korvokal
- Bill Wyman - bassgitar
- Charlie Watts - trommer
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen er spelt av fleire andre artistar, som Waylon Jennings, Rod Stewart, Molly Hatchet, Ducks Deluxe, The Sharks, The Grateful Dead, AC/DC, Social Distortion, Arno, Nils Lofgren og Ry Cooder.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «It's All Over Now» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2009.