Hot Stuff av The Rolling Stones
Hot Stuff av The Rolling Stones Singel av The Rolling Stones frå albumet Black and Blue | ||
Utgjeve | 1976 | |
Innspelt | mars 1975 | |
Sjanger | Funk | |
Lengd | 5:21 | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Fool to Cry» (1976) |
Hot Stuff av The Rolling Stones | «Miss You» (1978)
|
«Hot Stuff» er ein song av det engelske rockebandet The Rolling Stones frå albumet deira Black and Blue frå 1976.
«Hot Stuff», skriven av Mick Jagger og Keith Richards, vart spelt inn i mars 1975 og var kraftig påverka av disco/funk-stilen i dei dagar, med Charlie Watts på ein tung rytme i lag med Ollie Brown på perkusjon, Bill Wyman med funky bass og mykje bruk av ein MXR Phase 100 pedal av både Keith Richards og wah-wah pedal av gjestegitaristen Harvey Mandel, som tidlegare hadde spelt i Canned Heat. Mandel spelar sologitarpartia i songen, og var ein av gitaristane som vart vurdert som erstatning for Mick Taylor. Valet fall slutt på Ron Wood. Billy Preston spelar piano på innspelinga.
Musikkvideoen syner Wood på gitardelane som vart spelt av Mandel.
Songen var den andre og siste singelen frå Black and Blue (etter hitten «Fool to Cry»), men vart ikkje like suksessrik som forgjengaren. Han nådde berre 49. plass i USA. Trass i at singelen selde dårleg, kom bandet til å halde fram å utforske disco- og funk-stilen på seinare album og singlar. Den neste singelen deira, to år seinare, var den funky «Miss You» som nådde heilt til topps i USA.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hot Stuff (The Rolling Stones song)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2009.