Love Is Strong
«Love Is Strong» Singel av Rolling Stones frå albumet Voodoo Lounge | ||
Utgjeve | 5. juli 1994 | |
Innspelt | Juli-august, november-desember 1993 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:49 | |
Selskap | Virgin | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | Don Was & The Glimmer Twins | |
Rolling Stones-kronologi | ||
«Ruby Tuesday» (1991) |
«Love Is Strong» | «You Got Me Rocking» (1994)
|
«Love Is Strong» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet Voodoo Lounge frå 1994, der han er opningssporet. Han var òg den første singelen frå albumet.
Inspirasjon og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og er ein grublande song om eit møte mellom ein songar og ein ukjend person som fører til «kjærleik ved første blikk» hos songaren.
« | Your love is strong and you're so sweet; You make me hard, you make me weak; Love is strong and you're so sweet og some day, baby, we've got to meet... | » |
« | What are you scared of, baby?; It's more than just a dream;I need some time; We make a beautiful team... | » |
Songen vart skriven i Irland av Richards og heitte opphavleg «Love is Strange». Ron Wood, Richards, Ivan Neville og produsent Don Was arbeidde med songen, medan Jagger var på turn for å reklamere for soloalbumet Wandering Spirit. Seinare endra Richards tittelen til «Love is Strong». Den endelege utgåva vart endra ein god del av Jagger, som medverka med tekst og munnspel.
Innspelinga av songen starta i september 1993 i heimestudioet til Wood i Irland og heldt fram i A&M Recording Studios i Los Angeles i 1994.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet, men gjorde det langt frå så bra som venta. Han nådde berre så vidt inn på Billboard Hot 100 i USA, den lågaste plasseringa Rolling Stones hadde hatt på ein førstesingel til då. Ein musikkvideo vart regissert av David Fincher og er ein svartkvit video som viser gigantiske utgåver av the Stones, samt eit par vanlege folk i romantiske klemmar i New York City.
Den svake plasseringa til singelen gjorde at heller ikkje albumet selde så bra som venta, trass i positiv kritikk og etter kvart ein Grammy Award. Songen vart meir populær i Europa der han gjekk til 14. plass i Storbritannia.
The Rolling Stones spelte songen på MTV Video Music Awards i 1994.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- 7" VS1503
- «Love Is Strong» (albumversjon)
- «The Storm»
- Kassett VSC1503
- «Love Is Strong» (albumversjon)
- «The Storm»
- CD VSCDE1503
- «Love Is Strong» (albumversjon)
- «The Storm»
- CD VSCDT1503 - «Special Collectors»-utgåve
- «Love Is Strong» (albumversjon)
- «The Storm»
- «So Young»
- «Love is Strong» (Bob Clearmountain Remix)
- CD VSCDX1503 - remix-utgåve
- «Love is Strong» (Teddy Riley Radio Remix)
- «Love is Strong» (Teddy Riley Extended Remix)
- «Love is Strong» (Teddy Riley Extended Rock Remix)
- «Love is Strong» (Teddy Riley Dub Remix)
- «Love is Strong» (Joe The Butcher Club Remix)
- «Love is Strong» (Teddy Riley Instrumental)
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Love Is Strong» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2009.
- ↑ "Australian-charts.com – The Rolling Stones – Love Is Strong". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – Love Is Strong" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones - Love Is Strong". Charts.de. Media Control. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Love Is Strong" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Charts.org.nz – The Rolling Stones – Love Is Strong". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Love Is Strong". VG-lista. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Swedishcharts.com – The Rolling Stones – Love Is Strong". Topp 60. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones – Love Is Strong – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Chart Stats – Rolling Stones – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 30. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 30. mars 2018.
- ↑ «RPM 100 Hit Tracks of 1994». RPM. Henta 30. mars 2018.