[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kitin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til kitinmolekylet.

Kitin er eit hornaktig stoff som finst i hudskjelettet til kreps og insekt og i kjevane til dyr som fleirbørstemark og blekksprutar og raspetunger til blautdyr. Det finst også i hyfeveggen til soppar og i skjelet til nokre eincella algar. Ordet «kitin» kjem av det greske khiton, som tyder 'panserskjorte'.

Kitin er eit polysakkarid i slekt med cellulose og er forma som eit makromolekyl med stor styrke og motstandsevne. Det er bygd opp av N-acetyl-glukosamin-einingar, som er bundne til kvarandre med beta-1,4-glykosidbindingar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

«kitin» i Store norske leksikon, snl.no.