Western Bay of Plenty District
Western Bay of Plenty District | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Areal | 2 120,675 km² | ||
Folketal | 51 321 (6. mars 2018)[1] | ||
Western Bay of Plenty District 37°47′24″S 176°00′14″E / 37.79°S 176.004°E | |||
Kart som viser Western Bay of Plenty District.
|
Western Bay of Plenty District Council er eit distrikt i regionen Bay of Plenty på New Zealand. Administrasjonssenteret til distriktet ligg i Greerton i Tauranga City (som er eit eige område, og som ikkje ligg i distriktet). Distriktet omkransar Tauranga City, og omfattar Matakana Island, ved innløpet til Tauranga Harbour.
Distriktet vart til etter lokalstyrereformene i 1989 der dei gamle områda Tauranga County og Te Puke Borough vart slegne saman med mindre grensejusteringar. Dei største endringane var i nordaust, der Waihi Beach vart overført til distriktet frå det gamle Ohinemuri County, og i nærleiken av Tauranga City, der noko av omlandet som tidlegare hadde høyrt til landdistriktet, vart overført til byen.
Distriktet er delt inn i fem wards (som mellom anna tener som valkrinsar ved val til distriktsstyret), desse er Waihi Beach, Katikati, Kaimai, Te Puke og Maketu.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Distriktet hadde eit estimert folketal på 44 400 i juni 2008. Ved folketeljinga i 2006 var 16% av populasjonen maoriar. Av innbyggjarane budde då 1 773 i Waihi Beach, 3 579 i Katikati og 7 080 i Te Puke. Arealet til distriktet er 2 120,675 km².
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Western Bay of Plenty District» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]