[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Rangitikei District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rangitikei District
Land  New Zealand
Areal 4 479,42 km²
Folketal 15 027 (6. mars 2018)[1]
Kart
Rangitikei District
39°47′10″S 175°38′13″E / 39.786°S 175.637°E / -39.786; 175.637
Wikimedia Commons: Rangitikei District

Rangitikei District er eit distrikt der den største delen ligg i regionen Manawatu-WanganuiNordøyaNew Zealand. Ein mindre del, byen Ngamatea (13,63 % av arealet), ligg i regionen Hawke's Bay. Distriktet ligg sørvest på øya, og omfattar nedslagsfeltet til Rangitikei River.

Distriktet ligg nord for Wellington og strekkjer seg frå South Taranaki Bight mot North Island Volcanic Plateau. Det dannar eit trapesforma område som omfattar byane Taihape, Bulls, Marton, Hunterville og Mangaweka. Flatevidda til distriktet er 4 538 km².[2] Topografisk varierer landskapet frå sandsletter langs kysten til karakteristiske åsryggar i innlandet.

Ved folketeljinga i 2006 var det 14 712 innbyggjarar i distriktet.[3] Den største byen, og setet for distriktsstyret, er Marton, der folketalet var 4 680 ved teljinga.

Ein del av Whangaehu-elva renn gjennom den nordlege delen av distriktet. I den øvre delen av elva fann Tangiwai-katastrofen stad julaftan i 1953, den største jarnvegsulukka på New Zealand, der 151 menneske mista livet.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.
  2. [1] Arkivert 2006-08-09 ved Wayback Machine. Frå distriktet si heimeside.
  3. [2] Arkivert 2008-03-17 ved Wayback Machine. Statistics New Zealand - Folketeljinga i 2006

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]