[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Manawatu District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manawatu District
Land  New Zealand
Areal 2 624,115 km²
Folketal 30 800 (30. juni 2018)
Kart
Manawatu District
40°05′35″S 175°46′55″E / 40.093°S 175.782°E / -40.093; 175.782
Wikimedia Commons: Manawatu District

Manawatu er eit distrikt i regionen Manawatu-WanganuiNordøyaNew Zealand.

Plassering

[endre | endre wikiteksten]

«The Manawatu», som distriktet til vanleg vert kalla, ligg sørvest på Nordøya, nær elva som har gjeve namn til det, Manawatu. Distriktet ligg nord for Wellington og strekkjer seg frå litt nord for busetnaden Himatangi i sør, til like sør for Mangaweka i nord, og frå Rangitikei River til Tararuafjella. Grensa mot sør følgjer Manawatu-elva, og distriktet omfattar ikkje området kring byen Palmerston North eller Ashhurst. Flatevidda i distriktet er 2 624 km².

Populasjon

[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i distriktet er 29 300 (estimat i juni 2008)[2]. Den største byen og setet for distriktsstyret er Feilding, som har eit innbyggjartal på 14 350.[2] Mindre byar i distriktet er Halcombe, Himatangi, Bainesse, Bunnythorpe, Waituna West, Kimbolton, Apiti, Rangiwahia, Longburn, Rongotea, Pohangina, Tangimoana, Himatangi Beach og Sanson.

Lokalstyre

[endre | endre wikiteksten]

Manawatu District vart danna ved samanslåing av dei tidlegare lokalstyrte områda (counties) Manawatu, Oroua, Kiwitea, Pohangina og ein del av Kairanga.

Distriktet er organisert i tre område (wards) som er:

  • Feilding
  • Kairanga
  • Kiwitea-Pohangina

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.