Petter Mørch Koren
Petter Mørch Koren | |||
Fødd | 22. januar 1910 Edinburgh | ||
---|---|---|---|
Død | 14. november 2004 (94 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, dommar, faglitterær forfattar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Fylkesmenn i Oslo og Akershus 1970-1979 | ||
Føregangar | John Lyng | ||
Etterfylgjar | Gunnar Alf Larsen | ||
Alle verv |
Petter Mørch Koren (22. januar 1910–14. november 2004), fødd i Edinburgh, var ein norsk jurist og politikar frå Kristeleg Folkeparti.
Han var justisminister i to periodar:
- I John Lyng si regjering som sat i fire veker frå 28. august til 25. september 1963
- I Lars Korvald si regjering frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973
Koren var varamedlem i Hedrum heradsstyre 1937–1938 og varamedlem i Oslo bystyre 1947–1951. Han var medlem av Oslo formannskap frå 1951 til 1965. Vidare var han konstituert Fylkesmann i Oslo og Akershus 1966–1970 og fylkesmann same stad 1970–1979.
Han blei uteksaminert cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1932. Etter studieopphald i England 1932–1933 arbeidde han først som sakførarfullmektig og dommarfullmektig. 1938–1940 var han tilsett som sekretær i Handelsdepartementet, frå 1940–1942 sekretær i Sjøfartsdepartementet, frå 1942–1945 byråsjef. Frå 1949 til 1956 var han byråsjef i Handelsdepartementet. Deretter var han byrettsdommar i Oslo byrett fram til 1965.
Han har hatt ei lang rekkje offentlege verv og tillitsverv. Han blei utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1979.
Han var son til presten Laurentius Stub Koren (1879-1956) og husmor Thordis Andrea Mørch (1881-1965).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]