[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Egil Endresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Egil Endresen
Fødd28. april 1920
Stavanger
Død10. mai 1992 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
YrkeStortingsrepresentant, høgsterettsdommar og justisminister
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnClement Endresen
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Egil Endresen (28. april 192010. mai 1992), fødd i Stavanger, var ein norsk jurist, høgsterettsdommar og politikar for Høgre, stortingsrepresentant og justisminister.

Han var stortingsrepresentant frå 1965 til 1973, statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) 1970–1971 i Bortenregjeringa, sorenskrivar i Holt 1972–1977 og høgsterettsdommar 1977–1988. Han var såleis ein av dei få personane på 1900-talet som har gjort teneste innan alle dei tre statsmaktene.

I 1987 blei han Kommandør av St. Olavs Orden for embetsforteneste.

Han er far til noverande høgsterettsdommar Clement Endresen.