[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Johan Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også Johan Henrik Cappelen (1795 - 1850) og Kontorsjef Johan Henrik Cappelen (1838 - 1900).
Johan Cappelen

Fødd25. februar 1889
Skogn
Død18. oktober 1947 (58 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarJohan Christian Severin Cappelen
VervFylkesmann i Sør-Trøndelag 1940-1940
FøregangarOdd S. Klingenberg
VervFylkesmann i Sør-Trøndelag 1945-1947
EtterfylgjarIvar Skjånes
Alle verv
  • Norsk justisminister (1945–1945)
  • fylkesmann i Sør-Trøndelag (1940–1947)
  • ordførar i Trondheim (1931–1934)
  • Stortingets direktør Sjå dette på Wikidata

Johan Cappelen (25. oktober 188918. oktober 1947) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar frå Høgre, justisminister i Gerhardsen si samlingsregjering i 1945.

Johan Cappelen blei cand. jur. i 1911 og hadde deretter praksis som dommarfullmektig. Han starta i 1915 eigen sakførarforretning i Trondheim og blei høgsterettsadvokat i 1922. Han var medlem av bystyret, og ordførar i Trondheim 1931-34. I 1940 blei han konstituert som fylkesmann i Sør-Trøndelag, men avsett same hausten av nazistane. I 1943-45 sat han i fengsel, i fangeleirane på Vollan, Falstad og Grini. Han blei sett inn att som fylkesmann ved frigjeringa i 1945, og var fylkesmann til han døydde i 1947.

I Einar Gerhardsen si samlingsregjering i 1945 var Johan Cappelen statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister).

Johan Cappelens vei i Trondheim er kalla opp etter han.

Johan Cappelen høyrde til eldste sons grein i den norske slekta Cappelen, som har fleire andre medlemmar med same namnet. Han var son til overlege Johan Chr. S. Cappelen (død 1936) og ektefelle Katharina M. fødd Steen (død 1915).

Johan Cappelen var gift med Hjørdis fødd Mack Floer (1884-1981). Dei har fleire etterkomarar i dag med slektsnamnet Cappelen. Mellom etterkomerane er også kjøpmann Trond Lykke i Trondheim.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]