Macbeth
Macbeth | |||
| |||
Forfattar(ar) | William Shakespeare | ||
---|---|---|---|
Språk | tidlig moderne engelsk, engelsk | ||
Tilverting | 1606 | ||
Sjanger | tragedie | ||
Utgitt | 1623 |
Macbeth er ein tragedie av William Shakespeare. Saman med Hamlet, Kong Lear og Othello blir han gjerne rekna som ein av dei mogne tragediane til Shakespeare.
Utviklinga av stykket
[endre | endre wikiteksten]Datering
[endre | endre wikiteksten]I august 1605 vitja kong Jakob I, vernaren av Shakespeare-truppen King's Men, og dronning Anna Oxford. Der fekk kongen sjå ei lita førestilling av Matthew Gwinne sitt stykke Tres sibyllae på St John's College, der tre spåkvinner føreseier at Banquo skal bli forfar til kongar, nett som heksespådommen i Macbeth.[1][2] Dronninga såg ei framføring av Samuel Daniel sitt Arcadia der läegekonsten blir kritisert. I tredje scene i femte akt seier Macbeth «Throw physic to the dogs; I'll none of it.» Skodespelet har også mange tilvisingar til amming, og i Oxford var kongen til stades ved ein debatt om tydinga av amming.[2]
I tredje scene i andre akt snakkar portvakta om lurendreieri og forræderi, som blir rekna som ei tilvising til rettsaka om krutkonspirasjonen som utspelte seg frå januar til mars 1606.[1][3] I tredje scene av fyrste akt snakkar den fyrste heksa om at ho forbanna skipet «Tiger» og kalla 81. vekers storm over det. I juni 1606 kom eit skip med det namnet til Milford Haven i Wales etter ei farefylt reise som varte så lenge.[1]
Ein trur skodespelet blei spelt for kong Jakob I og danske kong Kristian IV i august 1606.[1][2] Spøkjelset til Banquo opptrer i to skodespel skrivne 1607; den anonyme The Puritan og The Knight of the Burning Pestle av Francis Beaumont og John Fletcher.[1]
Versebehandlinga peiker mot at Macbeth blei skrive i 1606, etter Kong Lear og rett før Antonius og Cleopatra. I fyrste scene av tredje akt blir Marcus Antonius nemnd, noko som gir eit hint om at Shakespeare allereie hadde blitt kjend med Plutark sin biografi medan han skreiv Macbeth.[1]
Kjelder til stykket
[endre | endre wikiteksten]Størstedelen av intrigen er henta frå Raphael Holinshed sitt verk Chronicles of England, Scotlande, and Irelande.[4][5] I krønika til Holinshed styrer Macbeth lykkeleg i ti år, og er såleis ingen kortliva usurpator som hjå Shakespeare.[1][5][6] Men den største skilnaden er likevel at Shakespeare har forskyve tyngdepunktet frå det ytre hendingsforløpet til Macbeth og lady Macbeth sine indre drama og kampen deira med seg sjølve.[5][6]
Lady Macbeth er i stor grad basert på Holinshed si forteljing om kona til Donwald som påverka han til å myrda kong Duff.[1][2] I Macbeth-historia til Holinshed finst historia om kong Kenneth, som høyrer ei røyst etter at han har drepe brorsonen sin.[7] Episoden finst òg i Rerum Scotiarum Historia av George Buchanan.[1][7] På same vis høyrer Macbeth ei røst når han drep kong Duncan. Heksespådommen og slektstreet til Banquo er henta frå biskop John Leslie sitt verk De Origine Moribus, et Rebus Gestis Scotorum.[7] Det dårlege samvitet til mordarane finst også i anonyme skodespelet Arden of Feversham.[8] I Andrew of Wyntoun sitt dikt The Original Chronicle of Scotland frå kring 1424 blir Macbeth oppfordra til å drepa Duncan av tre kvinner som opptrer i ein draum.[1]
Kong Jakob I var som sagt ætling av den Banquo som blir presentert i skodespelet. Han var òg særs interessert i hekser, som kom til uttrykk i skriftet Damonologie.[1][9] I skodespelet òg ein pamflett av kongen om skadeverknaden til tobakk reflektert.[2] Til skilnad frå hjå Holinshed er Banquo hjå Shakespeare ingen medforbrytar til Macbeth, men uskuldig, lojal mot kung Duncan og eit av dei fyrste offera til Macbeth.[3][6]
Roller
[endre | endre wikiteksten]- Lord Macbeth – General under den skotske kungen, Duncan
- Lady Macbeth – kona til Macbeth
- Duncan – Konge av Skottland
- Prins Malcolm – eldstesonen til Duncan
- Prins Donalbain – den yngre sonen til Duncan
- Lord Banquo – venn av Macbeth og general under den skotske kongen Duncan.
- Fléance – sonen til Banquo
- Lord Macduff – Knekt under Duncan
- Lady Macduff – kona til Macduff
- Sonen til Macduff
- Ross, Lennox, Angus, Menteith, Caithness – skotske lordar
- Siward – Earl av Northumberland, general for den engelske arméen
- Siward d.y. – son av Siward
- Seyton – Macbeth sin tenar og løytnant
- Hecate – heksegudinna
- Tre hekser
- Tre mordarar
- Lækjaren til lady Macbeth
Handling
[endre | endre wikiteksten]Kong Duncan dømmer tegnen av Cawdor til døden for forræderi. Macbeth og Banquo blir prisa for tapper innsats sine i krigen. På veg heim støyter Macbeth og Banquo på tre hekser ute i heia. Dei føreseier at Macbeth skal bli tegn av Cawdor og seinare konge. Banquo blir føresagt bli far til kongar. Kongen utnemner så Macbeth til tegn av Cawdor, som heksene føresa. Macbeth byrjar snart å tenka på å drepa Duncan så han sjølv kan bli konge. I lag med lady Macbeth byrjar han legga planar.[10]
Kong Duncan kjem saman med sønene sine, tronfølgjaren Malcolm og Donaldbain, i tillegg til Macduff og Banquo til ein bankett på slottet til Macbeth. Medan Macbeth byrjar å tvila på om han verkeleg skal utføra planen, skuldar lady Macbeth han for å vera feig, og fortel om planen sin om å arrangera mordet slik at tenaren til Duncan får skulda.[10]
Macbeth drep Duncan, men får seg ikkje til å bera tilbake dolkane som blei nytta til brotsverket. Lady Macbeth gjer det i staden. Macduff kjem for å vekkja Duncan og finn han myrda. Macbeth seier at han drap tenarane i raseri. Prinsane Malcolm og Donaldbain aner uråd, og rømmer. Ifølgje Macduff blir prinsane mistenkt for fadermord. Han meddeler òg at Macbeth skal kronast som konge.[10]
Banquo byrjar mistenka Macbeth for udåden. Macbeth ber han og sonen hans Fleance til ein ny bankett. Han leiger menn som skal drepa dei på vegen. Banquo blir drepen, men Fleance klarer å koma unna. På banketten ser Macbeth spøkjelset til Banquo. Han blir redd, men blir roa nedav lady Macbeth, som ber gjestene om å gå. I mellomtida har Macduff kopla seg til engelskmennene for å om mogleg styrta Macbeth.[10]
Macbeth møter heksene på nytt. Dei åtvarar han om Macduff, men seier at ingen som er fødd av ei kvinne kan skada han, og at han er trygg fram til Birnamskogen byrjar gå mot borga hans. Macbeth leiger nye menn som drep lady Macduff og sonen hennar. Macduff sver hemn. Han og Malcolm førebur eit åtak mot Macbeth. Folka deira høgg ned greiner med lauv som dei skal bera framfor seg som kamuflasje.[10]
Lady Macbeth går i søvne, mumlar om brotsverket sitt og prøver utan hell å reinska hendene sine frå innbilt blod. Engelskmenn og skottar samlar seg i Birnamskogen før åtaket. Macbeth får melding om at lady Macbeth har døydd, men kjenner seg usårleg på grunn av spådommen til heksene. Eit bod fortel at Birnamskogen har byrja gå mot slottet. Troppane har kome fram til slottet. Macduff finn Macbeth. Når Macbeth seier at han ikkje kan skada han, avslører Macduff at han blei fødd gjennom keisarsnitt, slik at han ikkje er «fødd av ei kvinne». Macbeth innser at alt er tapt, og blir drepe. Malcolm blir utropt til konge av Skottland.[10]
Oppsettingar
[endre | endre wikiteksten]Ein trur skodespelet blei vorte spelt for kong Jakob I og danske kong Kristian IV i august 1606.[1][2][11] Legen og astrologen Simon Forman skreiv i dagboka si at han hadde sett Macbeth framført av The King's Men på The Globe våren 1611. Forman festa seg særleg ved heksen, blodet som ikkje kan vaskast av hendene til lady Macbeth og søvngangen hennar.[12][11] Trass interessa si for overnaturlege ting nemner ikkje Forman heksescnen eller Hekate, og kallar heksene «feer eller nymfer». Ein meiner Forman må ha sett ein eldre versjon av stykket enn den som blei omarbeidd av Thomas Middleton.[11]
Etter at stykket berre var blitt vorte spelt i kraftige adapsjonar etter Shakespeare si levetid, hovudsakleg William Davenant sin frå 1664, nærma David Garrick seg originalteksten i 1744 på Drury Lane Theatre i London. Garrick konsentrerte seg om det indre livet til Macbeth, og framstilte han som vaklande mellom godt og vondt.
Det var likevel fyrst i 1847 at originalteksten til Shakespear blei framført i London, då Samuel Phelps spelte hovudrolla. I 1814 hadde Edmund Kean gjort ei psykologisk tolking av Macbeth på Drury Lane, men dette var ingen suksess. Då sonen Charles Kean spelte Macbeth på Princess's Theatre prøvde han å gjera skodespelet omhyggeleg antikvarisk korrekt. Frå 1777 til 1817 spelte Sarah Siddons rolla som lady Macbeth, ein av mest vellykka tolkingane hennar, medan bror hennar John Philip Kemble hadde mindre hell som Macbeth. Frå 1820 til 1848 opptredde William Charles Macready i tartan, ein tradisjon som var blitt innført av Charles Tanklin på Covent Garden Theatre 1773. Det var Macready sin motspelar Charlotte Cushman som hadde dei store suksessane. I 1849 førte rivalisering mellom Macready, som gjesta New York, og den amerikanske skodespelaren Edwin Forrest til oppløp, noko som bidrog til mytane knytte til skodespelet. I 1875 og 1888. blei Macbeth og lady Macbeth spelt av Henry Irving og Ellen Terry på Lyceum Theatre. Heller ikkje dei hadde større suksessar med stykket.
På byrjinga av 1900-talet hadde Sybil Thorndike og Flora Robson store suksessar som lady Macbeth. I 1906 blei stykket regissert av Gordon Craig, som gjorde eit storslått nummer av søvngangarscena til lady Macbeth i ei enorm vindeltrapp. Då Max Reinhardt gjorde det same i 1916. framstilte han heksene bak lette slør for å utføra eit overnaturleg preg. I 1921 blei Arthur Hopkins si ekspresjonistiske førestilling i New York ein stor kommersiell suksess. Same året regisserte Georges Pitoëff skodespelet i Genève og hadde suksessar med ein stram konstruksjon av trapper og avsatsar. I 1923 var Barry Jackson og Birmingham Repertory Theatre fyrst ute med å spela Macbeth i moderne drakt.
I 1930 fekk John Gielgud på Old Vic i London uvanleg dårlege meldingar for rolla. I 1936 sette Orson Welles opp skodespelet på Mercury Theatre i New York og plasserte handlinga til Haiti med sin voodookultur. Skodespelet blei spelt av eit heilt svart ensemble, og var ein stor suksess.
I 1937 regisserte Michel Saint- Denis stykett med Laurence Olivier som Macbeth på Old Vic i London. Han blei overstråla av Judith Anderson. Olivier skulle seinare venda tilbake til skodespelet. I 1953 sette amerikanaren Burgess Meredith opp Macbeth på Fort St. Catherine's i Bermuda med Charlton Heston i hovudrolla. Då Gustav Rudolf Sellner sette opp skodespelet i Darmstadt i 1955 hadde dei tre heksene barberte hovud og augebryn og var bleiksminka som japanske butohdansarar.
To førestillingar i Storbritannia har vekt særskild merksemd. I 1955 regisserte Glen Byam Shaw Laurence Olivier og Vivien Leigh på Shakespeare Memorial Theatre i Stratford-upon-Avon og i 1976 sette Trevor Nunn opp stykket med Ian McKellen og Judi Dench på Royal Shakespeare Company sin mindre scenen Other Place, òg i Stratford. Den fyrste oppsetjinga var i stort format med fleire scenebytte og ei mengd statistar. Den andre nytta ein naken scene og bare tolv skodespelarar.
I 1972 gjorde Welcome Msomi adapsjonen uMabatha på zulu i Natal i Sør-Afrika. Produksjonen hadde ein verdsturné mellom 1973 og 1998. I 1974 blei lady Macbeth spelt av Helen Mirren og i 1976 spelte Peter O'Toole Macbeth, han blei halden av nokre som for melodramatisk. Dramatikaren Heiner Müller regisserte Macbeth på Volksbühne i Berlin i 1983.
Forbanninga av namnet til skodespelet
[endre | endre wikiteksten]På britiske teater er skodespelet omgjeve av mykje mystikk og overtru.[13] Berre det å uttala namnet på stykket blir sett på som å framkalla forbanningane det inneheld. Macbeth og lady Macbeth pleier difor å bli gjevne eufemistiske kjælenamn, som til dømes herr og fru M. Sjølve verket pleier bli kalla «Det skotske skodespelet».[14]
I andre medium
[endre | endre wikiteksten]Filmatiseringar (utval)
[endre | endre wikiteksten]Macbeth er blitt filma fleire gonger.
- 1948: regi Orson Welles, med Orson Welles
- 1957: Blodets trone, regi Akira Kurosawa, med Toshirō Mifune & Takashi Shimura
- 1971: regi Roman Polanski
- 1978: regi Trevor Nunn, med Peter O'Toole & Judi Dench (filmatisering av oppføringa til Royal Shakespeare Company)
- 2015: Macbeth, regi Justin Kurzel, med Michael Fassbender
Opera
[endre | endre wikiteksten]Verdi komponerte operaen Macbeth, med libretto av F.M. Piave. Uroppføringa fann stad i 1847 i Firenze.[15]
Den sveitsisk- amerikanske komponisten Ernest Bloch skreiv operaen Macbeth kring 1905. Uroppføringa fann stad i 1910.[16]
Bøker
[endre | endre wikiteksten]Jo Nesbø gav i 2018 ut boka Macbeth som ei mordhistorie spelt ut i ein fiktiv by rundt 1970. Meir eller mindre alle karakterane er døypte etter originalen, og historia i boka byggjer på originalhistoria.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 The Oxford companion to Shakespeare sid 271
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Kenneth Muir: The Sources of Shakespeare's Plays sid 208ff
- ↑ 3,0 3,1 Erik Frykman: Shakespeare sid 263f
- ↑ Robert S. Miola: Reading the Classics i A Companion to Shakespeare sid 182
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Kenneth Muir: The Sources of Shakespeare's Plays sid 215ff
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Gustaf Fredén: Shakespeare i Litteraturens världshistoria del 3 sid 429f
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Kenneth Muir: The Sources of Shakespeare's Plays sid 210f
- ↑ Kenneth Muir: The Sources of Shakespeare's Plays sid 214
- ↑ Norman Jones: Shakespeare's England i A Companion to Shakespeare sid 33
- ↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 The Oxford Companion to Shakespeare, sid. 271ff.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 The Oxford Companion to Shakespeare sid 274
- ↑ Roslyn L. Knutson: Shakespeare's Repertory i A Companion to Shakespeare sid 358ff
- ↑ «Varför sägs det att den som jobbar med Shakespeares "Den skotska pjäsen" (Macbeth) drabbas av otur undrar Tommy Hedblom i Rörum. - Ring Kulturradion». sverigesradio.se (på svensk). 8. november 2019. Henta 9. oktober 2020.
- ↑ «Spännande nutidshistoria med flera skikt» (på svensk). 1. september 2003. ISSN 1101-2412.
- ↑ «Macbeth - Uppslagsverk». www.ne.se. Henta 9. oktober 2020.
- ↑ Cohen, Alex (1938). «Ernest Bloch's 'Macbeth'». Music & Letters 19 (2): 143–148. ISSN 0027-4224. Henta 9. oktober 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Macbeth» frå Wikipedia på svensk, den 17. mars 2024.