Halitt
Halitt | |||
Halitt frå Wieliczka saltgeuve i Małopolskie i Polen | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Halidmineral | ||
Kjemisk formel | NaCl | ||
Strunz-klassifisering | 03.AA.20 | ||
Krystallsymmetri | Isometrisk heksoktahedral 4/m 3 2/m | ||
Einingscelle | a = 5.6404(1) Å; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 58.433 g/mol | ||
Farge | fargelaus eller kvit; òg blå, lilla, raud, rosa, gul, oransje, eller grå | ||
Krystallform | Hovudsakleg kuar og i massive sedimentære lag, men òg korna, trådaktig og kompakt | ||
Krystallsystem | Kubisk | ||
Kløyv | perfekt {001}, tre retningar kubisk | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 2 - 2.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.17 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
Brytingsindeks | n = 1.544 | ||
Oppløyselegheit | Vassoppløyseleg | ||
Andre eigenskapar | Salt smak, fluorescerande | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Halitt eller steinsalt er eit mineral som består av natriumklorid (NaCl). Mineralet krystalliserer oftast i terningar og er fargelaust eller kvitt.
Halitt er vanlegast i store leier som vart danna ved fordamping av avsnørte havbukter, som i ettertid vart dekte av sediment. Slike saltleier finst i bergartar av alle geologiske system, særleg perm, og varierer i tjuknad frå centimeter til kilometer. Saltet blir vunne ut av gruver eller brot i fjell.
Halitt er vanleg saman med gips, anhydritt, sylvin, kieseritt, carnallitt og fleire andre løyselege salt. Då halitt er lettare enn den omgjevande bergarten, vil saltsedimenta ha ein tendens til å flytte seg oppover i lagrekka og danne saltstokkar eller diapirar, ofte fleire kilometer i diameter. Petroleumsfeller har ofte ein «hatt» av halitt og svovel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«halitt» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/halite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ Mindat.org
- ↑ Webmineral data