[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Fun in Acapulco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fun in Acapulco
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 1. november 1963
Innspelt Januar og mai 1963
Sjanger Mexicansk musikk, pop
Lengd 29:30
Selskap RCA Victor
Produsent Joseph Lilley
Elvis Presley-kronologi 
Elvis' Golden Records Volume 3

(1963)

Fun in Acapulco Kissin' Cousins

(1964)

Singlar frå Fun in Acapulco
  1. «Bossa Nova Baby»
    Utgjeve: Oktober 1963
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]

Fun in Acapulco er det 19. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 2756, i november 1963. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood den 22. og 23. januar 1963 og i RCA Studio B i Nashville den 26. og 27. mai 1963. Albumet nådde tredjeplassen på Top LP's-lista i USA.[2] Albumet og filmen vart det siste Presley gav ut før Beatlemania.

Filmen var den tredje tropiske «reisefilmen» Presley deltok i for Paramount Pictures etter Blue Hawaii og Girls! Girls! Girls!, og denne gongen var Elvis i Mexico. Fleire av dei faste låtskrivarane til Presley leverte songar som passa til filmen, med titlar som «Marguerita», «El Toro», «You Can't Say No In Acapulco» og «The Bullfighter Was A Lady».[3] I tillegg finn ein standardlåten «Guadalajara» av Pepe Guízar frå 1937. Presley fekk med seg trompetistane Rudolph Loera og Anthony Terran på innspelinga, og framførte songane med større entusiasme enn dei siste filmmusikkinnspelingane hans.[3] Fire av desse songane vart sidan gjevne ut på samlealbumet Command Performances: The Essential 60s Masters II i 1995: tittelsporet, «Mexico,» «Marguerita» og songen som vart gjeven ut som den første singelen, «Bossa Nova Baby».[4]

«Bossa Nova Baby» kom i butikkane ein månad før albumet, i lag med sporet «Witchcraft» av rhythm and blues-låtskrivaren og arrangøren Dave Bartholomew og som var ein hit for The Spiders i 1956.[5] At bossa nova-bølgja frå 1960-åra var eit brasiliansk fenomen og ikkje eit mexicansk fenomen verka å bety lite, sidan singelen nådde åttande plassen på Billboard Hot 100 og 20. plassen på R&B-lista.[6]

For å kompensere for det korte, ti spor lange It Happened at the World's Fair, insisterte manageren til Presley, Colonel Tom Parker, på at Fun in Acapulco skulle bli verdt pengane.[7] Det vart lagt til to songar, «Love Me Tonight» og «Slowly But Surely» frå ei avkorta albuminnspeling frå mai 1963, slik at det totale talet kom opp i tretten songar.[8]

I 2003 vart Fun in Acapulco gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream med mange alternative opptak av songane.[9]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Original release

[endre | endre wikiteksten]
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Fun in Acapulco»Ben Weisman og Sid Wayne23. januar 19632:30
2.«Vino, Dinero y Amor»Sid Tepper og Roy C. Bennett22. januar 19631:55
3.«Mexico»Sid Tepper og Roy C. Bennett22. januar 19631:59
4.«El Toro»Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye23. januar 19632:42
5.«Marguerita»Don Robertson22. januar 19632:42
6.«The Bullfighter Was a Lady»Sid Tepper og Roy C. Bennett22. januar 19632:04
7.«(There's) No Room to Rhumba in a Sports Car»Fred Wise og Dick Manning23. januar 19631:53
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«I Think I'm Gonna Like It Here»Don Robertson and Hal Blair22. januar 19632:53
2.«Bossa Nova Baby»Jerry Leiber og Mike Stoller22. januar 19632:02
3.«You Can't Say No in Acapulco»Sid Feller, Dolores Fuller, Lee Morris23. januar 19631:55
4.«Guadalajara»Pepe Guízar23. januar 19632:43
5.«Love Me Tonight» (bonus track)Don Robertson26. mai 19632:00
6.«Slowly But Surely» (bonus track)Ben Weisman og Sid Wayne27. mai, 19632:12
Utgjeve Katalognummer Songtitlar Listeplassering
US UK US Hot[10] US R&B[11] UK[12]
Oktober 1963 RCA 47-8243 RCA 1374 «Bossa Nova Baby» med

«Witchcraft»(ikkje ein del av filmen)

8

37

20

13

Follow That Dream-utgåva frå 2003

[endre | endre wikiteksten]
Nr.TittelLengd
1.«Fun In Acapulco»2:29
2.«Vino, Dinero Y Amor»1:53
3.«Mexico»1:58
4.«El Toro»2:41
5.«Marguerita»2:39
6.«The Bullfighter Was A Lady»2:02
7.«(There’s) No Room To Rhumba In A Sports Car»1:52
8.«I Think I’m Gonna Like It Here»2:51
9.«Bossa Nova Baby»2:02
10.«You Can’t Say No In Acapulco»1:54
11.«Guadalajara»2:43
12.«Love Me Tonight»2:00
13.«Slowly But Surely»2:14
14.«Mexico» (opptak 7)1:58
Nr.TittelLengd
15.«The Bullfighter Was A Lady» (nyinnspeling opptak 17)2:01
16.«I Think I’m Gonna Like It Here» (nyinnspeling opptak 18, 19)2:35
17.«Bossa Nova Baby» (opptak 1, 2)2:53
18.«The Bullfighter Was A Lady» (opptak 4, 5, 6)3:52
19.«Marguerita» (opptak 6)2:51
20.«I Think I’m Gonna Like It Here» (opptak 1)2:51
21.«Mexico» (opptak 1, 2)2:41
22.«You Can’t Say No In Acapulco» (opptak 1, 2, 3, 4)3:11
23.«Guadalajara» (opptak 2)2:27
24.«Bossa Nova Baby» (opptak 3)2:48
25.«Mexico» (opptak 6)2:10
26.«I Think I’m Gonna Like It Here» (opptak 11, 12, 13-nyinnspeling)3:54
27.«Guadalajara» (opptak 3, 4)2:55

Album

År Lister Plassering
1963 Billboard Pop Albums 3
  1. Allmusic review
  2. «Pop Albums». Elvis Presley: Official Site of the King of Rock 'n' Roll. Elvis Presley Enterprises, Inc. 2013. Henta 5. oktober 2016. 
  3. 3,0 3,1 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 177-178
  4. Fun in AcapulcoAllmusic
  5. «Bossa Nova Baby». Elvis - The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 29. november 2016. 
  6. Fun in AcapulcoAllmusic
  7. Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 184.
  8. «Fun in Acapulco». Elvis - The Music. Sony Music Entertainment. 2015. Henta 29. november 2016. 
  9. Kjelder:
  10. Whitburn, Joel (2007). Top Pop Singles 1955–2006. Record Research. s. 669–674. ISBN 978-0-89820-172-7. 
  11. Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 R&B and Hip-Hop Hits. Billboard Books. ISBN 978-0-8230-8283-4. 
  12. Guralnick, Peter. «The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50's Masters»Mal:Inconsistent citations , insert booklet