Elvis Sings Flaming Star
Elvis Sings Flaming Star Studioalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | October 1968 (promo), mars 1969 (generell utgjeving) | |
Innspelt | Juni 1960 til oktober 1968 | |
Sjanger | rock, country | |
Lengd | 20:30 | |
Selskap | RCA Camden | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Speedway
(1968) |
Elvis Sings Flaming Star | Elvis (NBC TV Special) (1968)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Singer Presents Elvis Synging Flaming Star and Others er det 33. albumet til Elvis Presley. Det vart gjeve ut av RCA Records i stereo, PRS 279, i oktober 1968. Albumet var tilgjengeleg i fem månader i eit få utvalde butikkjeder med produkt frå Singer symaskinselskap som eit marknadsføringstriks i samband med det komande fjernsynsprogrammet som gjekk på NBC den jula. Singer var sponsor for programmet.[2] Det vart gjeve ut på ny for normalt sal som Elvis Sings Flaming Star i mars 1969, og vart det første billigalbumet til Elvis Presley på RCA Camden.[3] 1969-utgåva nådde 96. plassen på Billboard 200-lista.[4] Det selde til gullplate i USA 15. juli 1999, og platina den 6. januar 2004.[5]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songane på albumet var henta frå innspelinga for filmar Presley hadde spelt i, med unntak av «Tiger Man» frå julespesialen til Presley.[6] Innspelinga av Chuck Berry sin «Too Much Monkey Business» var ein oppvarming til innspelinga av filmsongar til Stay Away, Joe.[7] Utanom «Flaming Star», som var tittelsongen til Presley-filmen med same namn som hadde kome ut på Elvis by Request i februar 1961, var ingen av songane gjevne ut tidlegare.
«Texas»-medleyen og «All I Needed Was the Rain» var høvesvis med i filmane Viva Las Vegas (1964) og Stay Away, Joe (1967), medan «Wonderful World» vart nytta i opninga av Live a Little, Love a Little (1968). «Flaming Star» var berre ein av to songar som vart spelt inn i filmen. Konsertversjonen av «Tiger Man» vart opphavleg ikkje nytta i NBC-programmet, men erstatta «Blue Christmas» for reprisen av sendinga sommaren 1969. Dette var det første konsertopptaket til Elvis som vart gjeve ut kommersielt. Dei andre songane på albumet vart ikkje nytta i filmane dei vart spelte inn for.
Sidan albumet oppnådde ein viss suksess då det kom ut på ny i 1969, valde RCA å fortsettje å gje billigversjonar av Presley-musikk på etiketten Camden fram til 1972. Desse platene var gjerne kortare enn vanleg, med unytta filmmusikkinnspelingar og andre rekkefølgje på songane enn originalalbuma. Dette albumet vart gjeve ut på ny i 1975 på Pickwick Records, og igjen på CD av Sony Music Entertainment i 2006.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Flaming Star» (frå filmen Flaming Star) | Sid Wayne og Sherman Edwards | 7. oktober 1960 | 2:25 |
2. | «Wonderful World» (frå filmen Live a Little, Love a Little) | Guy Fletcher og Doug Flett | 7. mars 1968 | 2:14 |
3. | «Night Life» (frå filmen Viva Las Vegas) | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 9. juli 1963 | 1:53 |
4. | «All I Needed Was the Rain» (frå filmen Stay Away, Joe) | Sid Wayne og Ben Weisman | 1. oktober 1967 | 1:49 |
5. | «Too Much Monkey Business» | Chuck Berry | 15. januar 1968 | 2:25 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Yellow Rose of Texas» / «Eyes of Texas» (frå filmen Viva Las Vegas) | Tradisjonell / Fred Wise og Randy Starr | 10. juli 1963 | 2:58 |
2. | «She's A Machine» (frå filmen Easy Come, Easy Go) | Fred Wise og Ben Weisman | 29. september 1966 | 1:39 |
3. | «Do the Vega» (frå filmen Viva Las Vegas) | Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye | 10. juli 1963 | 2:26 |
4. | «Tiger Man» (from Singer NBC-TV Special) | Lewis Burns, Al Lewis, Joe Hill Louis | 27. juni 1968 | 2:41 |
Lister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]Liste (1969) | Plassering |
---|---|
Nederland[8] | 4 |
VG-lista i Noreg | 11 |
UK Albums Chart[9] | 2 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Trofé | Sal |
---|---|---|
USA (RIAA) | Platina | 1 000 000 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elvis Sings Flaming Star» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 245.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 418-419.
- ↑ «Elvis Presley (awards)». Allmusic. Rovi Corp. 2013. Henta 8. desember 2016.
- ↑ «Searchable datebase». RIAA. 2013. Henta 8. desember 2016. Merk: Søk på «Flaming Star»
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 229-230.
- ↑ Jorgensen, op. cit., s. 137, 182, 223, 239, 243, 255.
- ↑ Dutch Charts - Elvis sings Flaming Star
- ↑ Official Charts - Elvis sings Flaming Star