Tony Terran
Tony Terran | |||
| |||
Fødd | 30. mai 1926 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Buffalo i New York | ||
Død | 20. mars 2017 (90 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | trompet | ||
Verka som | jazzmusikar, trompetist |
Anthony Terran eller Tony Terran (fødd 30. mai 1926 i Buffalo i New York) er ein USA-amerikansk trompetist og studiomusikar. Han var ein del av the Wrecking Crew, som var ei gruppe studiomusikarar i Los Angeles, som vart mykje hylla i 1960-åra. The Wrecking Crew vart innlemma i Musicians Hall of Fame i 2007.
Han vert rekna som ein av dei mest allsidige trompetistane i musikkindustrien og har hatt ein innverknad på musikkmiljøet i Los Angeles i meir enn fire tiår. Han har spelt med mange artistar som The Baja Marimba Band, The Beach Boys, The Beatles, The Bee Gees, Ray Charles, Chicago, Nat King Cole, Perry Como, Bob Dylan,[1] Ella Fitzgerald, Benny Goodman, Bob Hope, Michael Jackson, Eartha Kitt, Peggy Lee,[2] Madonna,[3] Dean Martin,[4] Elvis Presley,[5] Bonnie Raitt,[6] Linda Ronstadt,[7] Diana Ross, Frank Sinatra, Barbra Streisand, The Tijuana Brass og Tom Waits.
Terran har spelt på mange innspelingar for fjernsynsshow og filmar som I Love Lucy, The Lucy Show, Here's Lucy, The Brady Bunch, I Dream of Jeannie, Get Smart, Happy Days, Popeye, The Carol Burnett Show, Star Trek, Mission Impossible, Cheers, L.A. Law, The Simpsons, Rocky I, II og III, The Karate Kid I, II og III, The Natural, All the President's Men, Broadcast News, Field of Dreams, Blazing Saddles, Grease, An Officer and a Gentleman, Ghostbusters, Close Encounters of the Third Kind og The Deep.
Han vart òg soloist for komponistar og dirigentar som Nelson Riddle, John Williams, Patrick Williams, David Shire, Lalo Schifrin,[8] Elmer Bernstein, Jerry Gullsmith, Henry Mancini, Johnny Mandel, James Horner, Johnny Mandel, Charles Fox og John Barry. Terran fekk Most Valuable Player-prisen frå National Academy of Recording Arts and Sciences i 1974.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Med Chet Baker
- Blood, Chet and Tears (Verve, 1970)
- Med the Henri René Orchestra
- RCA Victor Presents Eartha Kitt (RCA, 1953)
- That Bad Eartha (EP) (RCA, 1954)
- Down To Eartha (RCA, 1955)
- That Bad Eartha (LP) (RCA, 1956)
- Thursday's Child (RCA, 1957)
Med Lalo Schifrin
- Music from Mission: Impossible (Dot, 1967)
- There's a Whole Lalo Schifrin Goin' On (Dot, 1968)
- Bullitt (filmmusikk) (Warner Bros., 1968)
- Enter the Dragon (filmmusikk) (Warner Bros., 1973)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tony Terran» frå Wikipedia på engelsk, den 12. april 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hal Blaine and the Wrecking Crew, The Story of the World's Most Recorded Musikar, Page 56
- L.A. Jazz Scene (monthly magazine/818-293-0584), July 2005, Bob's Beat, «Tony Terran's 79th Birthday Party,» Page 7