[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Follobanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Follobanen
Info
Type Jernbane
System Dobbeltspora elektrifisert bane
Status under bygging
Utgangsstasjon Oslo sentralstasjon
Endestasjon Ski stasjon
Tal på stasjonar 2
Drift
Opna 2022
Eigar Bane Nor
Type trafikk Passasjerar og gods
Teknisk
Lengde 22 km
Lengde dobbeltspor 22 km
Tunnelar 1

Follobanen er ei 22 kilometer dobbeltspora, elektrifisert jernbane for høgfartstog mellom Oslo sentralstasjon og Ski stasjonØstfoldbanen, der banen vert tilkopla Østfoldbanen. Byggjearbeidet tok til i juni 2015 og banen vart opna i desember 2022, men stengt att på grunn av ein teknisk feil.

Follobanen, som har namn etter distriktet Follo, kjem i tillegg til den sterkt trafikkerte Østfoldbanen på strekninga Oslo-Ski og er den siste strekninga inn til Oslo sentralstasjon som får fire spor. Dette vil auke kapasiteten og regulariteten på strekninga monaleg. Banen er lagt i tunnel, Blixtunnelen, på så godt som heile strekninga, utan stasjonar. Det er bygd atskilde tunnelløp for kvart av dei to spora, i motsetnad til det som har vore vanleg her i landet til no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]