As Tears Go By
«As Tears Go By» Singel av Marianne Faithfull frå albumet Marianne Faithfull | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1964 | |
Innspelt | 1964 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:33 | |
Selskap | Decca | |
Komponist | Mick Jagger, Keith Richards, Andrew Loog Oldham | |
Tekstforfattar | Mick Jagger, Andrew Loog Oldham, Keith Richards | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards/Oldham | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
Marianne Faithfull-kronologi | ||
— | «As Tears Go By» | «Blowin' in the Wind» (1964)
|
«As Tears Go By» singel av Rolling Stones frå albumet December’s Children (And Everybody’s) | ||
B-side |
«Gotta Get Away» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. desember 1965 | |
Innspelt | 26. oktober 1965, IBC Studios, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:45 | |
Selskap | London 45-LON9808 | |
Komponist | Mick Jagger, Keith Richards, Andrew Loog Oldham | |
Tekstforfattar | Mick Jagger, Andrew Loog Oldham, Keith Richards | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards/Oldham | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
Rolling Stones-kronologi | ||
«Get Off of My Cloud» (1965) |
«As Tears Go By» | «19th Nervous Breakdown» (1966)
|
«As Tears Go By» er ein song av The Rolling Stones skriven av Mick Jagger, Keith Richards og manageren deira Andrew Loog Oldham. Songen vart først gjeven ut og gjort populær av britiske Marianne Faithfull i 1964.
Songen vert rekna som den første songen Jagger og Richards skreiv. Fram til då hadde bandet berre spelt andre sine blues-songar. Ei myte om opphavet til songen var at manageren til Rolling Stones, Andrew Loog Oldham, låste Jagger og Richards inne på eit kjøken og tvinga dei til å skrive ein song i lag. Den opphavlege tittelen var «As Time Goes By», som òg er tittelen på ein song som Dooley Wilson syng i filmen Casablanca. Det var Oldham som endra «Time» til «Tears». Stones hadde til då ikkje spelt balladar før og Oldham gav i staden songen til Faithfull, som då var 17 år, som ei B-side. Resultatet vart derimot så bra at plateselskapet, Decca, endra songen til ei A-side, som vart ein populær singel. Han nådde fjerdeplassen på den britiske singellista og var det store gjennombrotet for Faithfull. I USA gjekk songen opp til 22. plass på Billboard Hot 100.
The Stones spelte inn si eiga i 1965. Han kom ut som B-side til «19th Nervous Breakdown» i Storbritannia. Denne innspelinga er kjend for tungt strykeinstrument av Mike Leander. I USA vart songen gjeve ut som ein eigen singel og han kom ut på albumet December’s Children (And Everybody’s). Songen nådde sjetteplassen på Billboard-lista.
Songen vart første gongen spelt på konsertar av the Stones i november 2005 under A Bigger Bang-turneen.
Medverkande
- Mick Jagger – solovokal
- Keith Richards – 12-streng akustisk gitar
- Mike Leander – strykearrangement
Salslister
Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Canada Top Singles (RPM)[1] | 1 |
US Billboard Hot 100[2] | 6 |
Andre utgåver
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Vanessa Paradis, The Primitives, Nancy Sinatra, PP Arnold og Psychic TV.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «As Tears Go By» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2009.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 17. juni 2016.
- ↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 17. juni 2016.
- Songar frå 1964
- Singlar frå 1964
- Singlar frå 1965
- Singlar frå 1966
- Debutsinglar frå 1964
- Marianne Faithfull-songar
- Rolling Stones-songar
- London Records-singlar
- Songar skrivne av Jagger/Richards
- Rockeballadar
- Popballadar
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Songar produserte av Andrew Loog Oldham
- Decca Records-singlar
- Nancy Sinatra-songar
- Pat Boone-songar
- Bobby Goldsboro-songar
- P.P. Arnold-songar
- Johnny Thunders-songar
- Vanessa Paradis-songar
- Avenged Sevenfold-songar
- Songar om gråting
- Songar om nostalgi