[go: up one dir, main page]

Pål Gunnar Mikkelsplass

Pål Gunnar Mikkelsplass, (fødd 29. april 1961) er ein tidlegare norsk langrennar frå Bromma i Hallingdal. Han var med å vinne gull i to VM-stafettar i høvesvis 1982 og 1985 for Noreg, og ei VM-bronse i 1987. Individuelt vann han sølvmedalje på 15 km, både i olympiameisterskapen i Calgary i 1988 og i verdsmeisterskapen i Lahti i 1989 i klassisk stil (det var under den meisterskapen det vart avvikla to meisterskapsrenn på 15 km). Han vann tre renn i verdscupen, beste samanlagtplasseringa i verdscupen var ein tredjeplass i 1988. I 1994 gifta han seg med langrennaren Marit Wold. Den eldre broren Eilif K. Mikkelsplass var og ein habil langrennar. Begge brørne representerte Bromma IL.

Pål Gunnar Mikkelsplass


Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1961 (63 år)
Bromma i Hallingdal
Idrett langrenn, skiskyting
Tok del i Vinter-OL 1988, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Vinter-OL 1984

Han var landslagstrenar i langrenn for Noreg frå 1999 til 2002.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

endre
  • 1981: Vinnar av 15 km i Holmenkollen.
  • 1982: Vinnar av 15 km i Reit im Winkl, nr 10 på 15 km i VM i Oslo.
  • 1983: Nr 2 på 15 km i Lahti.
  • 1984: Nr 10 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1985: Nr 2 på 15 km i Davos og nr 3 på same distansen i Holmenkollen.
  • 1985/6: Nr 2 på 15 km i Labrador City.
  • 1987: Nr 4 på 15 km i VM i Oberstdorf. Nr 3 på 15 km i Kavgolovo.
  • 1988: Sølvmedalje på 15 km og nr 6 på 30 km i OL i Calgary. Vinnar av 50 km i Rovaniemi.
  • 1989: Sølvmedalje på 15 km i VM i Lahti. Dessutan tre andreplassar i verdscupen.
  • 1991: Nr 12 på 10 km i VM i Val di Fiemme.
  • 1992: Nr 3 på 15 km i Lahti.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Mikkelsplass var norsk landslagstrenar for menn i langrenn frå 1999 til 2002.

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre