Oberstdorf
Oberstdorf er ein by og kommune (tysk Markt) i Oberallgäu i Bayern i Tyskland. Kommunen ligg i dei bayerske Alpane og grensar i sør til Austerrike. Obertsdorf kommune omfattar omfattar 229,9 km² og hyser 9 649 ibuarar (2021). Småbyen Oberstdorf ligg 813 meter over havet.
Oberstdorf | |||
by | |||
|
|||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Bayern | ||
Del av | Stimmkreis Lindau, Sonthofen | ||
Areal | 229,91 km² | ||
Folketal | 9 773 (31. desember 2023) | ||
Oberstdorf 47°24′35″N 10°16′45″E / 47.409722222222°N 10.279166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Oberstdorf |
Oberstdorf er kjent som kurstad og vintersportsstad, og er eit populært utgangspunkt for fjellklatrarar. Med 17 000 gjestesenger og 2,5 millionar overnattingar i året, er Oberstdorf ein av Tysklands turistmagnetar.
I Oberstdorf ligg to internasjonalt kjente hoppbakkar: Schattenberg-bakken, som blir brukt under hoppveka, og ein skiflygingsbakke (Heini Klopfer-bakken) som er den tredje største i verda. Her finn ein blant anna 85 km skiløyper, 20 skiheiser og 44 km med alpinbakker.
Oberstdorf har arrangert verdsmeisterskap på ski i nordiske greiner i såvel 1987, som 2005 og 2021. Noregs troppar vart best i både 2005 og 2021.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oberstdorf» frå Wikipedia på bokmål, den 8. desember 2008.