[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Purpendicular

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Purpendicular
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve 5. februar 1996[1]
Innspelt Februar – oktober 1995
Studio Greg Rike Productions, Altamonte Springs, Florida
Sjanger Hardrock
Lengd 62:16
Selskap RCA
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
The Battle Rages On...
(1993)
Purpendicular Abandon
(1998)


Singlar frå Purpendicular
  1. «Sometimes I Feel Like Screaming»
    Utgjeve: 1996 (Europa)
  2. «The Aviator»
    Utgjeve: 1996 (Tyskland)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]
Blogcritics(positiv)[3]
Collector's Guide to Heavy Metal10/10[4]

Purpendicular er det femtande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i 1996. Det er deira første album med gitaristen Steve Morse frå Dixie Dregs, som erstatta Ritchie Blackmore.

Innspeling

[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn på Greg Rike Productions, Orlando i Florida frå februar til oktober 1995 og lydteknisk tilrettelagt av Darren Schneider og Keith Andrews. Det hadde ei meir eksperimentell tilnærming enn tidlegare album. Arrangementet til «The Aviator», nytta eit akustisk folk/country-arrangement som ikkje hadde vore å høyra på tidlegare album av bandet sidan «Anyone's Daughter» frå Fireball. På fleire av låtane, som «Vavoom: Ted the Mechanic», var det mindre klaverspel og meir gitar. Morse introduserte klypeharmonikk i lydbiletet til bandet, som på «Vavoom: Ted the Mechanic» og «Somebody Stole My Guitar».[5] «Sometimes I Feel Like Screaming» og «Vavoom: Ted the Mechanic» heldt fram med å vere faste innslag i Deep Purples-setlista på dei siste turneane.

Til liks med tittelen på det etterfølgjande albumet til bandet, Abandon, er Purpendicular eit ordspel, i dette tilfellet basert på namnet til bandet og ordet «Perpendicular».

Alle songar er skrivne av Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord, Steve Morse, Ian Paice.

Nr.TittelLengd
1.«Vavoom: Ted the Mechanic»4:16
2.«Loosen My Strings»5:57
3.«Soon Forgotten»4:47
4.«Sometimes I Feel Like Screaming»7:29
5.«Cascades: I'm Not Your Lover»4:43
6.«The Aviator»5:20
7.«Rosa's Cantina»5:10
8.«A Castle Full of Rascals»5:11
9.«A Touch Away»4:36
10.«Hey Cisco»5:53
11.«Somebody Stole My Guitar»4:09
12.«The Purpendicular Waltz»4:45
Bonusspor på japansk og amerikansk utgåve
Nr.TittelLengd
13.«(tomt spor)» 
14.«Don't Hold Your Breath»4:39
Utvida utgåve med bonusspor
Nr.TittelLengd
13.«Don't Hold Your Breath»4:40
14.«Sometimes I Feel Like Screaming» (singelversjon)4:35

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Deep Purple
Produksjon
  • Darren Schneider, Keith Andrews – lydteknikarar, miksing i Parc Studios, Orlando, Florida
  • Adam Barber – assisterande lydteknikar
  • Greg Calbi – mastering i Masterdisk, New York

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1996) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] 16
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[8] 47
Nederlandske album (MegaCharts)[9] 87
Finske album (Suomen virallinen lista)[10] 9
Tyske album (Offizielle Top 100)[11] 20
Ungarske album (MAHASZ)[12] 17
Den japanske albumlista (Oricon)[13] 28
Norske album (VG-lista)[14] 30
Svenske album (Sverigetopplistan)[15] 3
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[16] 17
Britiske album (OCC)[17] 58
  1. «Purpendicular». 
  2. Miller, Glen. PurpendicularAllmusic
  3. Bowling, David (14. februar 2017). «Music Review: Deep Purple – Purpendicular». Blogcritics. Henta 14. februar 2017. 
  4. Popoff, Martin (1. august 2007). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 3: The Nineties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 109–110. ISBN 978-1-894959-62-9. 
  5. Ladano, Mike (14. januar 2015). «Review: Deep Purple - Purpendicular (1996 US bonus track)». Mike Ladano.com. Henta 14. februar 2017. 
  6. «Steve Morse». Deep Purple (på engelsk). 21. september 2010. Henta 13. april 2020. 
  7. "Deep Purple - Purpendicular" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  8. "Deep Purple – Purpendicular" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  9. "Deep Purple – Purpendicular". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  10. "Deep Purple: Purpendicular" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 8. juli 2023.
  11. "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Purpendicular" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
  12. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia.
  13. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  14. "Deep Purple – Purpendicular". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  15. "Deep Purple – Purpendicular". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  16. "Deep Purple – Purpendicular". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  17. "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.