Ian Paice
Ian Paice | |||
Ian Paice med Deep Purple på Labatt Centre i London i Ontario i Canada (2005) | |||
Fødd | 29. juni 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nottingham i England | ||
Fødenamn | Ian Anderson Paice | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Hardrock, heavy metal, blues-rock, progressiv rock | ||
Instrument | Trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Deep Purple, Green Bullfrog, Paice, Ashton & Lord, Whitesnake, Gary Moore, Paul McCartney, The Velvet Underground | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent |
Ian Anderson Paice (fødd 29. juni 1948) er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar i det engelske rockebandet Deep Purple. Etter at Jon Lord forlet bandet i 2002 er han den einaste medlemmen som har vore med i bandet kontinuerleg sidan starten.
Eigenleg ville Ian Paice lære seg å spele fiolin men ombestemte seg for å satse på trommer som 15-åring. Han hugsar at han «etterkvart kjøpte eit trommesett for 32 pund og vart med faren min, som var pianist, på spelejobbar. Då spelte me valsar og Quick Step. Litt snodig, men det var ei byrjing...»[1]
Han vart som ung inspirert av Gene Krupa, Buddy Rich og andre jazz-trommeslagarar. Ian er ein av få hardrock-trommiser som aktivt brukar swing og jazz-teknikkar. Han er òg venstrehendt.
Han vart så trommeslagar i det lokalet bandet Georgie and the Rave ons, som seinare skifta namn til The Shindings. Ian forlét The Shindings og vart med i bandet MI5 som seinare skifta namn til The Maze.
Deep Purple
[endre | endre wikiteksten]I The Maze spelte han saman med vokalisten Rod Evans, som han i 1968 danna Deep Purple saman med. Han er den einaste medlemmen av Deep Purple som har vore med heile tida banda har eksistert. Han har òg spelt med Paice, Ashton & Lord, Whitesnake og Gary Moore.
Paul McCartney nytta tenestene hans på albumet Run Devil Run i 1999. Steve Morse har sagt om Ian Paice: «Han er ein tung Ringo Starr. Han er ein utruleg bra trommeslagar, men likar ikkje å gjere noko stort nummer ut av det.»[2]
Eit spesielt kjenneteikn er at han nesten alltid har på seg briller med farga glas, som oftast blå men han er òg observert med grøne og lilla glas.[3]
Ian Paice er gift og har tre born. Kona hans Jacky er tvillingsystera til Vicky, kona til Jon Lord.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]For Deep Purple-diskografien, sjå her.
MI5 & The Maze
[endre | endre wikiteksten]- 1966 You'll Never Stop Me Loving You/Only Time Will Tell (SP, UK)
- 1966 Hello Stranger/Telephone (SP, UK)
- 1967 Arie Del Sud/Non Fatemio Odiare (SP, Italia)
- 1967 Harlem Shuffle/What Now/The Trap/I'm So Glad (EP, Frankrike)
- 1967 Catteri, Catteri/Easy Street (SP, UK)
Gary Moore Band
[endre | endre wikiteksten]- 1982 Corridors of Power
- 1982 Live at the Marquee (EP)
- 1983 Falling in Love with You (EP)
- 1983 Rockin' Every Night - Live in Japan (European release: 1986)
- 1983 Victims of the Future
- 1984 We Want Moore!
Solo
[endre | endre wikiteksten]- 2002 Not for the Pro's (DVD+CD)
- 2005 Chad Smith & Ian Paice – Live Performances, Interviews, Tech Talk and Soundcheck (DVD)
- 2006 Modern Drummer Festival 2005 (DVD)
- 2007 Ian Paice and Friends Live In Reading 2006 (DVD)
Gjesteartist
[endre | endre wikiteksten]- 1967 Do Your Own Thing/Goodbye Baby Goodbye (Soul Brothers, SP)
- 1968 I Shall Be Released/Down In The Flood (Boz Burrell, SP)
- 1968 I Feel Fine/Let Me Love You (Tony Wilson, SP)
- 1968 Sundragon (Sundragon)
- 1971 Natural Magic (Green Bullfrog)
- 1971 In My Time (Mike Hurst)
- 1972 Gemini Suite (Jon Lord)
- 1972 Home is Where You Find It (Eddie Hardin)
- 1972 The Pete York Perkusjon Band (The Pete York Percussion Band)
- 1972 Squeeze (Velvet Underground)
- 1973 Bump & Grind (Jackson Heights)
- 1974 E.H. in the U.K. – (Eddie Harris)
- 1974 First of the Big Bands (Tony Ashton & Jon Lord)
- 1975 Funkist (Bobby Harrison)
- 1977 You Can't Teach An Old Dog New Tricks (Eddie Hardin)
- 1978 Composition (Kirby
- 1980 And About Time Too (Bernie Marsden)
- 1980 Free Spirit (Ken Hensley, «Brown Eyed Boy")
- 1981 Look At Me Now (Bernie Marsden)
- 1982 Before I Forget (Jon Lord)
- 1983 Arrested – The Royal Philharmonic Orchestra & Friends Tribute to Police ("Truth Hits Everybody», «Arrested», «Message in a Bottle», «Invisible Sun»)
- 1987 Super Drumming (Pete York & Friends)
- 1989 Best of Dark Horse 1976-89 (George Harrison)
- 1990 Jump The Gun (Pretty Maids)
- 1990 Pete York Presents Super Drumming Volume 3 (Pete York & Friends)
- 1993 BBC Radio 1 Live in Concert '74 (Tony Ashton & Jon Lord)
- 1994 From Time To Time (Ken Hensley, «Inspiration")
- 1999 Run Devil Run (Paul McCartney)
- 1999 Live at the Cavern (Paul McCartney, DVD)
- 2001 Living on the Outside (Jim Capaldi)
- 2001 Twister (Max Magagni)
- 2002 Dal Vero (Tolo Marton, «Stone Free», «Hey Joe")
- 2003 E-Thnik (Mario Fasciano)
- 2006 Gillan's Inn (Ian Gillan, «Sugar Plum», «Trashed», «Smoke On The Water», «No Laughing In Heaven")
- 2006 Time To Take A Stand (Moonstone Project, +2008 extended ed., «Rose in Hell», «Where Do You Hide The Blues You've Got")
- 2007 Little Hard Blues (Andrea Ranfagni, «Forget My Boogie», )
- 2009 Rebel On The Run (Moonstone Project, song «Halfway To Heaven")
- 2010 Stay Tuned (Bernhard Welz, «Drum Jam - live 2002")
- 2010 Made in Verona - Live (Forever Deep - The Italian Deep Purple Tribute)
- 2011 Seeking Major Tom (William Shatner, «Space Truckin'»)
- 2012 Raining Rock (Jettblack, «Feel the Love")
Film og TV
[endre | endre wikiteksten]- 1983 Rock School (BBC, opplæring)
- 1991 Deep Purple - Heavy Metal Pioneers (Warner, intervjuobjekt)
- 1995 Rock Family Trees, ep. 'Deep Purple' (BBC, intervjuobjekt)
- 2002 Classic Albums, ep. 'Deep Purple - Machine Head' (ITV, intervjuobjekt)
- 2004 Roger Glover - Made in Wales (ITV, intervjuobjekt)
- 2005 Hardrock Treasures (Feature, intervjuobjekt)
- 2006 Heavy Metal: Louder Than Life (Feature, intervjuobjekt)
- 2006 Brick by Brick - The Building of Gillan's Inn (DVD-spesial)
- 2007 Highway Star: A Journey in Rock (intervjuobjekt)
- 2010 I'm in a Rock n' Roll Band, ep. 'The Drummer' (BBC, intervjuobjekt)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ian Paice» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Pearl Drums[daud lenkje] – Ian Paice
- ↑ Offisiell nettside Arkivert 2008-04-06 ved Wayback Machine. – Ian Paice profil
- ↑ Bilete Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. – Ian Paice galleri