[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Slaves and Masters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaves and Masters
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve 23. oktober 1990 [1]
Innspelt Første halvdel av 1990
Studio
  • Greg Rike Productions, Altamonte Springs, Florida
  • Sountec Studios, Connecticut
  • The Power Station, New York City
Sjanger Hardrock
Lengd 46:51
Selskap RCA
Produsent Roger Glover
Deep Purple-kronologi 
The House of Blue Light
(1987)
Slaves and Masters The Battle Rages On...
(1993)


Singlar frå Slave and Masters
  1. «King of Dreams»
    Utgjeve: Oktober 1990 [2]
  2. «Love Conquers All»
    Utgjeve: Februar 1991 [3]

Slaves and Masters er det trettande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 23. oktober 1990. Dette er det einaste Deep Purple-albumet med den tidlegare Rainbow-vokalisten Joe Lynn Turner, som hadde slutta seg til bandet året før etter at Ian Gillan fekk sparken. Før Turner vart tilsett, hadde bandet vurdert songaren Jimi Jamison frå Survivor, men andre plikter gjorde han utilgjengeleg.[4]

Etter utgivinga nådde Slaves and Masters 87. plassenen på den amerikanske Billboard 200-lista.[5] Albumet selde dramatisk under forventningane, samanlikna med det førre albumet til Deep Purple, The House of Blue Light med Gillan, som låg på 34. plassen i USA.[5] Ein song frå innspelinga av Slaves and Masters' vart omarrangert for filmen Fire, Ice and Dynamite frå 1990. Jon Lord spelte ikkje på låten, som vart framført av dei fire andre medlemmene i Mark V-besetninga.

Trass i sviktande albumsal hadde Deep Purple ein relativt vellykka turné til støtte for Slaves and Masters i 1991, spesielt i Europa. Turner var framleis medlem av gruppa då dei byrja å skriva og spela inn sitt neste album i 1992, men under press frå manageren som ønskte ein 25-årsjubileumsturné, bestemde Deep Purple seg til slutt for å ta tilbake Mark II-besetninga til studioalbumet The Battle Rages On... frå 1993. Ei handfull arbeidsspor som opphavleg var tiltenkt oppfølgjaren til Slaves and Masters skulle dukka opp på seinare soloutgivingar av Turner.

«Too Much Is Not Enough» vart spelt inn av Turner til den upubliserte oppfølgjaren til det første soloalbumet hans Rescue You, og han vart òg spelt inn av Paul Rodgers og Kenney Jones-bandet The Law, men heller ikkje dei gav han ut. Originalversjonen til Turner finst på bootleg-en Demos '88 - 91 og The Law sin versjon på bootleg-en The Law II. Turner spelte inn songen på nytt for albumet sitt Hurry Up and Wait (1998).

Musikkvideoar

[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart promotert på TV med profesjonelle musikkvideoar til låtane «King of Dreams» og «Love Conquers All». I begge medverka medlemmer av bandet. Videoen til «King of Dreams» vart spelt inn på Santa Cruz Beach Boardwalk.

Konsertopptak

[endre | endre wikiteksten]

Med unntak av «King of Dreams», «The Cut Runs Deep» og «Love Conquers All», som av og til har vorte framført av Joe Lynn Turner under soloopptredenane hans, har ingen av låtane frå Slaves and Masters vorte framførte live sidan verdsturnéen til Deep Purple i 1991. Setlista for verdsturneen inkluderte òg «Burn» og «Hey Joe», som Ian Gillan alltid hadde lagt ned veto mot. «King of Dreams» var òg ein del av settlista til Hughes Turner Project sine Europa- og Japan-turnear i 2002. Denne versjonen finst på HTP-albumet Live in Tokyo (2002).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[6]
Collector's Guide to Heavy Metal7/10[7]
Record Collector3/5 stars[8]

Etter utgivinga fekk Slaves and Masters ei blanda mottaking av kritikarane. AllMusic-skribenten Alex Henderson gav albumet ei negativ melding og sa at «låtskrivinga er svak og keisam, og mesteparten av tida høyrest dei ein gong så mektige Purple (som var minst 16 år over sin beste alder) ut som ein generisk Foreigner-wannabe». [6] Same oppfatning kom til uttrykk i meldingane til journalistane Martin Popoff og Joel McIver, som skildra Slaves and Masters som høvesvis «Litt som eit Rainbow-album av seinare dato» og eit «ekstravagant stykke AOR ... særs lettvekts».[7][8] Dei redda likevel ut nokre få låtar, som «King of Dreams», «Love Conquers All» og «Fire in the Basement», som «i det minste gjer eit rimeleg forsøk på å matcha katalogen til Purple».[8].

Jon Lord sjølv, meir enn kompisane sine Glover og Paice, anerkjende aldri denne plata som eit Deep Purple-album.[9] På den andre sida hylla Turner ope Slaves and Masters ved å seia at det var «sannsynlegvis (det) siste store Purple-albumet som fanst (...) Det er eit flott album, (det) held mål i dag, eit av dei best innspelte, best skrivne (...) Eg kan nemna kvar einaste tittel og berre seia... kven kan slå det?».[10]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«King of Dreams»Ritchie Blackmore, Joe Lynn Turner, Roger Glover5:26
2.«The Cut Runs Deep»Blackmore, Turner, Glover, Jon Lord, Ian Paice5:42
3.«Fire in the Basement»Blackmore, Turner, Glover, Lord, Paice4:43
4.«Truth Hurts»Blackmore, Turner, Glover5:14
5.«Breakfast in Bed»Blackmore, Turner, Glover5:17
6.«Love Conquers All»Blackmore, Turner, Glover3:47
7.«Fortuneteller»Blackmore, Turner, Glover, Lord, Paice5:49
8.«Too Much Is Not Enough»Turner, Bob Held, Al Greenwood4:17
9.«Wicked Ways»Blackmore, Turner, Glover, Lord, Paice6:33
  • Vinylutgåva har «Fortuneteller» som spor 4.
Bonusspor på Friday Music-utgåva frå 2012
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Slow Down Sister»Blackmore, Turner, Glover, Lord, Paice5:57
11.«Love Conquers All» (singelversjon) 3:25
Bonusspor på Hear No Evil Recordings-utgåva frå 2013
Nr.TittelLengd
10.«Love Conquers All» (singelversjon)3:25
11.«King of Dreams» (singelversjon)4:51
12.«Slow Down Sister»5:57

Fire Ice & Dynamite (Music from the Original Soundtrack)

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Fire, Ice & Dynamite» (Blackmore, Glover, Turner) - 4:33

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Deep Purple
Andre medverkande
  • Strykeorkester leia av Jesse Levy
Teknisk
  • Innspelt i byrjinga/midten av 1990 hos Greg Rike Productions i Orlando, Florida.
  • Ytterlegere innspelingar i Sountec Studios Inc. og Powerstation i New York.
  • Lydteknisk utført av Nick Blagona
  • Ytterligere miksing av Nick Blagona på The Powerstation
  • Raymond D'Addario - produksjonsassistent
  • Wally Walters, Peter Hodgson, Matthew Lamonica, Dan Gellert - assisterande lydteknikarar
  • Mastering av Greg Calbi hos Sterling Sound, New York

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Album
Liste (1990) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[11] 72
Austerrikske album (Ö3 Austria)[12] 20
Nederlandske album (MegaCharts)[13] 72
Finland (The Official Finnish Charts)[14] 24
Tyske album (Offizielle Top 100)[15] 23
Den japanske albumlista (Oricon)[16] 17
Norske album (VG-lista)[17] 16
Svenske album (Sverigetopplistan)[18] 12
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[19] 5
Britiske album (OCC)[20] 45
US Billboard 200[21] 87

Singlar
År Tittel Liste Plassering
1990 «King of Dreams» Billboard Mainstream Rock Tracks (USA)[22] 6
UK Singles Chart[23] 70
1991 «Fire in the Basement» Billboard Mainstream Rock Tracks (USA)[22] 20
«Love Conquers All» UK Singles Chart[23] 57

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Japan (RIAJ)[24] Gull 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[25] Gull 25 000x

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. Popoff, Martin (2018). The Deep Purple Family, vol 2 (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 157. ISBN 978-1-908724-87-8. 
  2. «Deep Purple-singlar». 
  3. «Deep Purple-singlar». 
  4. «intervju med Jon Lord». The Jon Lord Fan Site - Pictured Within. januar 1994. Arkivert frå originalen 17. mai 2010. 
  5. 5,0 5,1 «Deep Purple Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 5 February 2017. 
  6. 6,0 6,1 Henderson, Alex. «Deep Purple – Slaves and Masters review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 29. april 2014. 
  7. 7,0 7,1 Popoff, Martin (1. august 2007). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 3: The Nineties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 108. ISBN 978-1-894959-62-9. 
  8. 8,0 8,1 8,2 McIver, Joel (October 2013). «Deep Purple – Deep Purple Slaves and Masters». Record Collector (419). Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 29. april 2014. 
  9. «25 Years of Deep Purple The Battle Rages On .... - Intervju med Jon Lord». Keyboards. januar 1994. Arkivert frå originalen 17. mai 2010. Henta 12. mars 2017. 
  10. Archived at Ghostarchive and the Wayback Machine: «Joe Lynn Turner - Deep Purple, Slaves & Masters (6 of 11)». YouTube. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. "Deep Purple - Slaves and Masters" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  13. "Deep Purple – Slaves and Masters". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  14. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  15. "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Slaves and Masters" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
  16. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  17. "Deep Purple – Slaves and Masters". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  18. "Deep Purple – Slaves and Masters". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  19. "Deep Purple – Slaves and Masters". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  20. "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.
  21. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard 200 for Deep Purple. Prometheus Global Media. Henta 8. juli 2023.
  22. 22,0 22,1 «Deep Purple Chart History: Mainstream Rock Songs». Billboard. Henta 5. februar 2017. 
  23. 23,0 23,1 «Deep Purple Official Charts». Official Chart Company. Henta 5. februar 2017. 
  24. «Deep Purple accepting a gold record in 1991 for Slaves and Masters in Japan». 20. desember 2020. 
  25. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Deep Purple)». Hung Medien.