[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Julio Cortázar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julio Cortázar

Statsborgarskap Argentina, Frankrike
Fødd 26. august 1914
Brussel
Død

12. februar 1984 (69 år)
Paris, 10. arrondissement

Yrke lingvist, manusforfattar, romanforfattar, essayist, omsetjar, lyrikar, skribent, universitetslærar, skodespelforfattar, litteraturkritikar
Språk fransk, spansk, engelsk
Religion ateisme
Ektefelle Ugné Karvelis, Aurora Bernárdez, Carol Dunlop
Julio Cortázar på Commons

Julio Cortázar (26. august 191412. februar 1984) var ein argentinsk forfattar og omsetjar.

Cortázar var fødd i Brüssel men flytta snart med familien til Sveits der dei heldt til i eit par år. Han voks seinare opp i Buenos Aires. Kort tid etter at foreldra vende tilbake til Argentina skilde dei lag, og Cortázar voks opp hjå mora. Han var mykje sjuk og brukte mykje tid til sengs med å lesa. Han blei mellom anna kjend med verket til Jules Verne, som han beundra gjennom heile livet.

Som vaksen arbeidde han som lærer i fransk fram til Juan Perón kom til makta, då han sa opp i protest mot styret hans. I 1951 flytta Cortázar til Paris, der han fekk jobb ved UNESCO som omsetjar, og omsette verk av mellom anna Daniel Defoe, Edgar Allan Poe og Marguerite Yourcenar til spansk.

Dei best kjende verka til Cortázar blei skrivne i Frankrike. Den best kjende romanen hans er Rayuela (1963), som blir kalla ein antiroman, ettersom intrigen i forteljinga ligg utanfor fortelleren. Boka er knytt til dekonstruksjon.

Cortázar sine verk blei mellom anna påverka av modernismen og medvitsstraumen til mellom anna James Joyce og verka til landsmannen Jorge Luis Borges, men hovudpåverknadane hans kom frå surrealismen, «Den nye romanen» i Frankrike og improvisasjonsestetikken i jazz.

Julio Cortázar var gift tre gonger, med Aurora Bernárdez, Ugnė Karvelis og Carol Dunlop, alle forfattarar. Han døydde i Paris i 1984 og blei gravlagd i Cimetière du Montparnasse ved sida av Carol Dunlop.

  • Presencia (1938)
  • Los reyes (1949)
  • El examen (1950, første gong utgjeven i 1985)
  • Bestiario (1951)
  • Final de juego (1956)
  • Las armas secretas (1959)
  • Los premios (The Winners) (1960)
  • Historias de cronopios y de famas (1962)
  • Rayuela (Hopscotch) (1963)
  • Todos los fuegos el fuego (1966)
  • La vuelta al día en ochenta mundos (1967)
  • 62, modelo para armar (1968)
  • Último round (1969)
  • Prosa del Observatorio (1972)
  • Libro de Manuel (1973)
  • Octaedro (1974)
  • Alguien anda por ahí (1977)
  • Territorios (1978)
  • Un tal Lucas (1979)
  • Queremos tanto a Glenda (1980)
  • Deshoras (1982)
  • Nicaragua tan violentamente dulce (1983)
  • Divertimento (1986)
  • Diario de Andrés Fava (1995)
  • Adiós Robinson (1995)
  • Cartas (2000)
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.