Dramatikar
Utsjånad
Ein dramatikar er ein forfattar av drama eller dramatisk litteratur, det vil seia manuskript til teaterstykke, film, fjernsyn, radio eller liknande. Dramatikarar som skriv for film eller fjernsyn blir gjerne kalla manusforfattarar, mens dei som skriv høyrespel kan kallast høyrespelforfattarar. Ein dramatikar samarbeider ofte tett med ein instruktør, regissør og/eller dramaturg undervegs i utviklinga av eit stykke.
Dei fleste dramatiske verk er skrivne spesielt for å framførast av skodespelarar, men kan også vera lesedrama som ikkje er meint for oppføring. Dette kan vera skjønnlitterære forteljingar eller dikt skrivne på ein dramatisk måte, for eksempel med teksten sett opp som replikkar.
Kjende dramatikarar
[endre | endre wikiteksten]- Aiskhylos, gresk tragedieforfattar
- Evripides, gresk tragedieforfattar
- Sofokles, gresk tragedieforfattar
- Christopher Marlowe (1564–1593), britisk dramatikar
- William Shakespeare (1564–1616), britisk dramatikar
- Andreas Gryphius (1616–1664), tysk poet og dramatikar
- Molière (1622–1673), fransk skodespelar og komedieforfattar
- Ludvig Holberg (1684–1754), dansk dramatikar
- Carlo Goldoni (1707–1793), venetiansk dramatikar og librettist
- Henrik Ibsen (1828–1906), norsk dramatikar
- August Strindberg (1849–1912), svensk dramatikar
- Oscar Wilde (1854–1900), irsk dramatikar
- Anton Tsjekhov (1860–1904), russisk dramatikar og prosaforfattar
- Luigi Pirandello (1867–1936), italiensk dramatikar
- John Galsworthy (1867–1933), britisk dramatikar
- Eugene O'Neill (1888–1953), amerikansk dramatikar
- Bertolt Brecht (1898–1956), tysk dramatikar
- Noel Coward (1899–1973). britisk dramatikar, skodespelar og komponist
- Samuel Beckett (1906–1989), irsk-fransk dramatikar
- Jean Genet (1910–1986), forfattar og politisk aktivist
- Tennessee Williams (1911–1983), amerikansk dramatikar
- Eugène Ionesco (1912–1994), rumensk-fransk absurdist
- John Osborne (1929–1994), britisk dramatikar
- Dario Fo (1926–), italiensk dramatikar og nobelprisvinnar
- Edward Albee (1928–), amerikansk dramatikar
- Harold Pinter (1930–2008), britisk dramatikar
- Václav Havel (1936–2011), tsjekkisk dramatikar
- Tom Stoppard (1937–), britisk dramatikar
- Sam Shepard (1943–), amerikansk dramatikar
- Werner Schwab (1958–1994), austerriksk dramatikar og biletkunstnar
- Jon Fosse (1959–), norsk dramatikar og prosaforfattar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dramatiker» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2016.