Havørn
Havørn | |
Havørn i flukt | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av havørn | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Haliaeetus |
Art: | Havørn H. albicilla |
Vitskapleg namn | |
Haliaeetus albicilla |
Havørn (Haliaeetus albicilla) er den største rovfuglen i Nord-Europa. Som andre ørnar høyrer ho til haukefamilien.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Ungfuglen har svart og brun stjert med noko lyst i og svart nebb. Vaksne fuglar har kvit stjert og gult nebb. Begge kjønn har same utsjånad.
Havørna blir mellom 87 og 100 cm lang. Den vaksne hofuglen kan ha eit vengespenn på opptil 240 cm, medan hannfuglen er noko mindre. Ein fugl kan bli opptil 50 år gammal, men det er sjeldan.
Levevis
[endre | endre wikiteksten]Havørna lever av fisk og sjøfugl, men tek òg åtsel.
Ho byggjer store reir av kvister og greiner som ho forer med lyng, tang, mose og gras. Ofte bruker ørna same reir i fleire år. Ho legg egg mellom slutten av mars og mai. Dei to–tre egga blir ruga på i 35 til 45 dagar av begge foreldra.
Leveområde
[endre | endre wikiteksten]Eldre havørnar held seg som oftast på ein stad, medan yngre fuglar streifar rundt omkring og trekkjer til dels sør- og vestover om vinteren.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]I Noreg finst ørnane langs kysten frå Finnmark til Vest-Agder. Dei hekkar på øyar og holmar langs heile kysten, men mest i Nord-Noreg.[2] Ifølgje Norsk Raudliste har talet på dyr vore veksande dei siste tretti åra, og bestanden på 4000–6000 reproduserande individ er rekna som robust. Utbygginga av vindmøller i hekkeområda har likevel medført fleire dødsfall.[3]
Sverige
[endre | endre wikiteksten]I Sverige hekkar havørna først og fremst ved Austersjøkysten, ved sør- og mellomsvenska sjøar og i Lappland.[4] EIn kan sjå den i heile Sverige og har vore hekkfugl i alle svenske landskap utanom Dalsland, Härjedalen og Jämtland.[5] Svenske havørnar kan vinterstid flytte sørover så langt som til Mellom-Europa, men kan òg flytte kortare strekningar eller bli verande i hekkeområdet.
Danmark
[endre | endre wikiteksten]Havnørna er ein relativt sjeldsynt fugl i Danmark, idet den opphavlege bestanden vart utrydda i 1917, men den gjeninnvandra i 1995 og bestanden er no stigande. Den finst hovudsakleg i Sønderjylland og i Austersjøområdet m.a. på det sørlege Sjælland og Lolland-Falster. Den er lettast å sjå om vinteren.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Havørnegg
-
Egget til Haliaeetus albicilla groenlandicus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av havørn Haliaeetus albicilla for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.
- ↑ Frøyland, R., Ni havørn drept av vindmøller på Smøla siden august[daud lenkje], Bellona, 11/05-2006.
- ↑ Naturhistoriska riksmuseet (2008) Havsörn Arkivert 2009-01-08 ved Wayback Machine., läst 2008-12-17
- ↑ http://kryss.club300.se/svelist/fynd_sv.asp?artkod=3347 Club 300, Svenska fågellistan