[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kirkelandet kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirkelandet kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Ytre Nordmøre
Sokn Kristiansund
Fellesråd Kristiansund
Arkitekt Odd Østbye
Teknikk Mur
Innvigd 1964
Kyrkjegard Ja
Preikestol Av betong (1964)
Døypefont (1964)
Altartavle Gunnar S. Gundersen (1964)
Orgel J.H. Jørgensen (1964)
Sitjeplassar 550
Diverse Elektronisk klokkespel
Kart
Kirkelandet kyrkje
63°06′52″N 7°43′33″E / 63.1144°N 7.72583°E / 63.1144; 7.72583
Wikimedia Commons: Kirkelandet kirke (Kristiansund)
Interiør
Foto: Kirkenorge.no

Kirkelandet kyrkje er hovudkyrkja i Kristiansund, reist i 1964. Ho ligg ved Langveien på øya Kirkelandet.

Den tidlegare kyrkja brann etter tysk bombing i 1940.

Kyrkja har ei form som bryt totalt med tradisjonell kyrkjearkitektur. Den arkitektoniske ideen bak Kirkelandet kyrkje er «Bergkrystall i roser», dvs. at kyrkja skal skine som ein lysande krystall mellom rosene i vestskråninga.

Kunstnaren Gunnar S. Gundersen står bak den innvendige utsmykkinga, mellom anna glasmåleriet som gjev det spesielle lyset bak altartavla.

Kyrkja vart nominert som Møre og Romsdal sitt bidrag til Århundrets byggverk 1905–2005, ei kåring i regi av bladet Byggeindustrien.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]