[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kvernes stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvernes stavkyrkje
kyrkje
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Takryttar ja
Diverse Eigd av Fortidsminneforeninga.
Kart
Kvernes stavkyrkje
63°00′19″N 7°43′19″E / 63.0053°N 7.72194°E / 63.0053; 7.72194
Wikimedia Commons: Kvernes stave church

Kvernes stavkyrkje er ei stavkyrkje i Averøy kommuneNordmøre. Kyrkja er av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Karakteristisk for denne kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene. Kyrkja vart truleg bygd på siste halvdel av 1300-talet. Kyrkja vart omfattande ombygd mellom anna med lafta kor i 1633.

I samband med ombygginga i 1633 vart inngangen flytta frå vestsida av kyrkjeskipet til sørsida. I 1776 vart kyrkja igjen ombygd og endå ei gong i 1810 med ein takryttar.

I 1894 vart kyrkja seld og kjøpt av ei gruppe menneske som seinare gav heile kyrkja til Fortidsminneforeningen.

  • Leif Anker og Jiri Havran (2005). Kirker i Norge, bind 4: Middelalder i tre. Oslo: ARFO. s. 316–323. 
  • Kvernes stavkirke på Kyrkjesøk
  • Kvernes stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.