Kihnu
Kihnu | |
---|---|
Strand på Kihnu | |
Geografi | |
Stad | Rigabukta |
Koordinatar |
|
Areal | 16,4 km²
|
Administrasjon | |
Land | Estland |
Maakond | Pärnu maakond
|
Demografi | |
Folketal | 639 (2004)
|
Kihnu er ei øy i Austersjøen, og den sjuande største øya i Estland med eit areal på 16,4 km². Øya er òg den største øya i Rigabukta.
Øya er ein del av Pärnu fylke i Estland. I lag med naboøyane dannar ho Kihnu kommune, den minste kommunen i fylket. Kihnu er ei flat øy og er berre 8,5 moh på det høgaste.
Kihnu har 639 innbyggjarar (2004) i fire landsbyar: Lemsi, Linaküla, Rootsiküla og Sääre. Ein kan nå Kihnu med ferje frå Pärnu eller med fly. Om vinteren er det jamvel råd å gå til øya på isen.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Vottane frå Kihnu og dei stripete skjørta er kjende i fleire land, hovudsakleg blant handverkarar og forskarar.
UNESCO utropte kulturområda og tradisjonane på Kihnu til eit Meisterverk av mennesket si muntlege og immaterielle arv den 7. november 2003.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kihnu» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kihnu.ee
- Kihnu på unesco.ee Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.