Kolokvint
Kolokvint | |
Kolokvint | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Cucurbitales |
Familie: | Graskarfamilien Cucurbitaceae |
Stamme: | Benincaseae |
Slekt: | Citrullus |
Art: | Kolokvint C. colocynthis |
Vitskapleg namn | |
Citrullus colocynthis |
Kolokvint (Citrullus colocynthis) er ein fleirårig urt i graskarfamilien. Han høyrer til same slekt som vassmelon.
Planten har ein krypande vekst med stenglar som kan bli 2 meter lange. Han kan klatra ved hjelp av slyngtrådar i bladhjørnene. Blada er trekanta, mørkegrøne, handflika med 3–7 flikar og har bølgande bladkant. Blomane sit enkeltvis i bladhjørnene og er einkjønna, gule eller grøngule og 15–20 mm store. Planten er sambu med hann- og hoblomar på same plante. Frukta er rund, 4–12 cm i diameter, glatt og gul eller spraglete.
Kolokvint veks på tørre stader med stein og sand og i halvørken, ofte nær havet. Han er utbreidd i dei tørraste delene av middelhavsområdet, som Sør-Spania, Nord-Afrika, Sicilia, Hellas, Kypros og Levanten. Arten veks òg på Kanariøyane og i Sahara og ørkenane austover til India.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
I ørkenen i Mauritania
-
Bladverk
-
Blome
-
Gul frukt
-
Spraglete frukt
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kolokvint» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2022.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- M. Blamey og C. Grey-Wilson (2004). Wild Flowers of the Mediterranean (2 utg.). A & C Black. s. 148. ISBN 0-7136-7015-0.
- T. Henning, N. Holstein og E. von Raab-Straube (2017). «Citrullus colocynthis». Cucurbitaceae. – In Euro+Med Plantbase - the information resource for Euro-Mediterranean plant diversity. Henta 14. april 2018.
- «Kolokvint». Store norske leksikon. Henta 14. april 2018.