[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Galisisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galisisk
galego
Klassifisering Indoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   iberoromanske språk
Bruk
Tala i  Spania
Galisisktalande i alt 3–4 millionar
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Galicia i Spania
Normert av Real Academia Galega
Språkkodar
ISO 639-1 gl
ISO 639-2 glg
ISO 639-3 glg
Wikipedia på galisisk

Galisisk eller galicisk er eit iberoromansk språk som ein snakkar i den autonome regionen Galicia og tilstøytande område i Asturias og Castilla y León, nord i Spania. Det blir tala av 3-4 millionar, ein halv av dei emigrantar til Sør-Amerika.

Det har nært slektskap med portugisisk, og blir ofte sett på som ein dialekt av dette språket. Men språkbrukarane og dei galisiske styresmaktene ser annleis på det. Dei har ein eigen identitet og har utvikla seg vekk frå portugisisk. Ettersom portugisisk utvikla seg i Galicia, kan det like gjerne vera ein dialekt av galisisk.

Galisisk skrift

[endre | endre wikiteksten]

Galisisk har hatt eit eige skriftspåk sidan 1000-talet. I mellomalderen vart galaico-português sett på som eit kulturspråk, brukt innan dikting og i religiøse samanhengar. Dette gjaldt ikkje berre i Galicia og Portugal, men òg i Castilla, der kastiljansk hovudsakleg var brukt til å skriva prosa.

Etter at portugisisk og galisisk blei skilde, blei språket etter kvart sett på som provinsielt og udanna. Det var lite brukt innan akademi eller skjønnlitteratur før det fekk ein renessanse midt på 1800-talet. Rosalía de Castro blir framleis feira for utgjevinga si i 1863 av ei diktsamling på galisisk. Dagen boka kom ut på, 17. mai, er òg dagen for galisisk litteratur.

Under styret til Francisco Franco, som sjølv var galisar, var alle språk bortsett frå kastiljansk forbodne i landet. Galisisk blei framleis brukt som talespråk på landsbygda, og etter at diktaturet var over i 1975 blomstra det opp igjen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Wikipediagalisisk