[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Covers av James Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Covers av James Taylor
Coveralbum av James Taylor
Utgjeve 30. september 2008
Innspelt Januar 2008
Sjanger country
Lengd 42:07
Selskap Hear Music
Produsent
James Taylor-kronologi 
One Man Band
(2007)
Covers av James Taylor Other Covers
(2009)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[2]
Toronto Star3/4 stars[3]

Covers er det 18. studioalbumet til den USA-amerikanske songar-låtskrivaren James Taylor, gjeve ut 30. september 2008. Albumet vart spelt inn av det faste turnébandet til Taylor. Nokre av låtane hadde Taylor av og til spelt på konsertar i årevis, medan andre var nye på repertoaret. Innsatsen hausta dels gode kritikkar og to Grammy-nominasjonar.

Albumet vart spelt inn over ti innesnødde dagar i januar 2008 i ein ombygd låve i Weston i Massachusetts. Taylor var i stand til å samla den faste turnégruppa si (i det siste kalla «The Band of Legends») til å vera til stades samtidig, noko som var sjeldan i moderne tid. Dermed var få eller ingen overdubbar naudsynt under innspelingsprosessen. Til saman vart det spelt inn 20 songar.

For å marknadsføre Covers opptredde Taylor i ei rekkje TV-show. I 30. september-utgåva av The Colbert Report svarte han humoristisk på eit spørsmål om filosofien sin ved ganske enkelt å framføra «(I'm a) Road Runner» i sin heilskap.

Innsatsen hausta to Grammy-nominasjonar, for beste popvokalalbum og for «Wichita Lineman» med beste mannlege popsong.[4]

Somme av bonusspora vart gjevne ut i ulike utgåver av albumet og enda opp på minialbumet Other Covers i 2009.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«It's Growing»Smokey Robinson, Warren Moore4:07
2.«(I'm a) Road Runner»Holland-Dozier-Holland3:19
3.«Wichita Lineman»Jimmy Webb3:41
4.«Why Baby Why»Darrell Edwards, George Jones2:41
5.«Some Days You Gotta Dance»Troy Johnson, Marshall Morgan2:41
6.«Seminole Wind»John Anderson4:50
7.«Suzanne»Leonard Cohen3:36
8.«Hound Dog»Jerry Leiber og Mike Stoller3:03
9.«Sadie»Joseph Jefferson, Charles Simmons, Bruce Hawes4:34
10.«On Broadway»Jerry Leiber, Mike Stoller, Cynthia Weil, Barry Mann4:11
11.«Summertime Blues»Eddie Cochran, Jerry Capehart2:39
12.«Not Fade Away»Buddy Holly, Norman Petty2:45
QVC-bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Get a Job»The Silhouettes4:07
14.«In the Midnight Hour»Wilson Pickett, Steve Cropper3:14
15.«Knock on Wood»Eddie Floyd, Steve Cropper3:52
16.«Oh, What a Beautiful Mornin'»Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II3:10
Britiske bonusspor
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Oh, What a Beautiful Mornin'»Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II 
14.«Knock on Wood»Eddie Floyd, Steve Cropper0
15.«Shiver Me Timbers»Tom Waits4:19

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2008–09) Plassering
Kanadiske album (Billboard)[5] 21
Nederlandske album (MegaCharts)[6] 85
Irske album (IRMA)[7] 42
Italienske album (FIMI)[8] 40
Skotske album (OCC)[9] 14
Spanske album (PROMUSICAE)[10] 91
Britiske album (OCC)[11] 23
US Billboard 200[12] 4

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2008) Plassering
US Billboard 200[13] 168

  1. AllMusic review
  2. «James Taylor: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 7. april 2023. 
  3. Toronto Star review
  4. [1] Arkivert 7. desember 2008 ved Wayback Machine.
  5. "James Taylor Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for James Taylor. Prometheus Global Media. Henta 9. april 2023.
  6. "James Taylor – Covers". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. april 2023.
  7. "James Taylor – {{{album}}}". Irishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. april 2023.
  8. "James Taylor – Covers". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. april 2023.
  9. "20090214 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. april 2023.
  10. "James Taylor – Covers". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. april 2023.
  11. "20090214 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. april 2023.
  12. "James Taylor Album & Song Chart History" Billboard 200 for James Taylor. Prometheus Global Media. Henta 9. april 2023.
  13. «Top Billboard 200 Albums – Year-End 2008». Billboard. Henta 9. april 2023.