9P140 URAGAN
Utsjånad
9P140 «URAGAN» er ein sovjetisk rakettkastar i kaliber 220 millimeter som vart teken i bruk i 1975. Hovudkonstruktør var Aleksander Nikitovitsj Ganitsjev, og basismodellen er montert på køyretøyet ZIL-135. Våpenet er samansett av 16 røyr som er lada med rakettar og vert avfyrte som ei salve på 20 sekund. Kvar rakett veg 280 kilo, og det trengst 4 mann til å operera våpenet.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Данные на табличке для макета боевой машины 9П140 РСЗО «Ураган» в экспозиции Народного музея истории завода АО «Мотовилихинские заводы» (г. Пермь, дата посещения музея 6.07.2009)