[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Rullekake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. november 2020 kl. 09:32 av Ranveig (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Rullekake med sitronfyll.

Rullekake (swissrull) er ein avlang sylinderforma kake med innrulla fyll. Ein kan steika ei slik kake ved 250 °C i cirka 5 minutt, slik at ho framleis er mjuk nok til å rullast. Fyllet kan til dømes bestå av syltetøy, krem, eplemos eller sjokolade. Kaka inneheld som regel egg, sukker, kveitemjøl og bakepulver. Ved servering skjer ein henne i skivar som har spiralmønster.