[go: up one dir, main page]

Melanesia (frå gresk for 'dei svarte øyane') er ei øygruppe i Stillehavet, nord og aust for Australia.[1]

Etnografisk kart over Melanesia
Geografisk kart over Melanesia

Gruppa omfattar Bismarckøyane, Salomonøyane, Santa Cruz-øyane, Vanuatu, Ny-Caledonia, Loyauté-øyane, Fiji og ofte også Ny-Guinea.[1]

Melanesiarar talar over 700 ulike språk. Dei fleste innfødde språka blant melanesiarar er malayo-polynesiske språk. På Ny-Guinea og i det indre av Ny-Britannia og Solomon-øyane talar ein papua-språk.[2]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Melanesia». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  2. Alver, Alv (3. september 2019). «melanesierne». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.