Polynesia
Polynesia er eit fellesomgrep for øygruppene i dei sentrale og sørlege delane av Stillehavet. Geografisk er Polynesia eit triangel med dei tre hjørnene sine ved Hawaii, New Zealand og Påskeøya. Samoa, Tonga, Marquesasøyane og Fransk Polynesia er andre store øygrupper i Polynesia.