[go: up one dir, main page]

Ideologi er ei samling idéar om samfunnet som heng saman slik at dei til saman utgjer ei tankeretning, ein bestemt måte å sjå ting på, eit samfunnssyn. Desse samfunnssyna vil ofte henge saman med ulike menneskesyn.

Dei viktigaste ideologiane i moderne politisk idehistorie oppstod i tida etter den store franske revolusjonen. I løpet av 1800-talet kom liberalismen, konservatismen og sosialismen, i løpet av 1900-talet fascismen og kommunismen. Nazismen er ei undergruppe av fascismen, med svært stor vekt på eit biologisk-kulturelt samfunnssyn, det vil seie rasisme.

Spire Denne filosofiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.