[go: up one dir, main page]

Velkomen

endre

Eg beklagar at eg har gløymt det, men hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia, Tannkrem! Eg føreslår at du tek ein kikk på stilmanualen vår for å sjå korleis artiklar bør setjast opp og korleis du enkelt kan formatere tekst. Du kan finne ei grei innføring til korleis Wikipedia fungerer her. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje! --EIRIK\diskusjon 18:51, 10 september 2006 (UTC)

Eg rekna med du hadde gløymt det. Men no som du "er her": Kva er interwikilenkjer, korleis fungerar dei og kvifor ser eg dei ikkje i artikkelen?
Interwikilenkjene er dei lenkjene som lenkjer til tilsvarande artikkel på andre språk. Dersom eg skriv t.d. [[no:John Obi Mikel]] i artikkelen, dukkar denne opp som ei lenkje med tittelen «Norsk (bokmål)» i «på andre språk»-boksen til venstre. Når eg skal leggje til interwikilenkjer, går eg oftast til artikkelen på en: (dersom han eksisterer) og kopierer lenkjene der frå. Dersom ein vel denne metoden må ein hugse å leggje til interwikilenkja til en: manuelt, sidan ingen Wikipediaer har interwikilenkje til seg sjølv. På linja over der interwikilenkjene byrjar, skriv ein {{liminn:skanwiki}}. Det lagar ein usynleg beskjed om rekkjefylgja på lenkjene til dei som ikkje veit om ho. Her på nn: har vi ei litt anna rekkjefylgje enn på andre Wikipediaer. Vi har nemleg no:, sv: og da: (i den rekkjefylgja) før alle dei andre lenkjene kjem. Mellom dei skandinaviske interwikilenkjene og dei andre lagar vi eit mellomrom. Spør gjerne om meir dersom du lurer på noko. P.S.: Hugs å signere innlegga dine ved å skrive --~~~~ --EIRIK\diskusjon 19:20, 10 september 2006 (UTC)

Kategoriar

endre

Du må gjerne opprette desse kategoriane dersom du ynskjer det. Det er jo kategoriar vi bør ha. Elles kan du lese meir om kategoriar på Wikipedia:Kategoriar. --EIRIK\diskusjon 20:41, 11 september 2006 (UTC)

Endre namn på artiklar

endre

Om du oppdagar at du har oppretta ein artikkel med feil namn, trykkjer du berre på fanemerket "flytt" like under kontoinformasjonen din, og grunngjev kvifor du skiftar namn. Du treng såleis ikkje opprette artikkelen på nytt att, men får ein vidarekopling/omdirigering frå den gamle. Kjekt, om andre skulle skrive same feilen seinare... --Anders 22:14, 13 september 2006 (UTC)

OK, det var jo det same eg gjorde, berre på ein mykje meir tungvint måte. Takk for opplysninga. Tannkrem 22:16, 13 september 2006 (UTC)

No tykkjer eg du er lite konstruktiv, skal me ha redigeringskrig om dette og? Å omtala PLO som frigjeringsorganisasjon vert på same nivå som om eg skulle kalla PLO for ein terrorganisasjon - altso POV-pushing. Sjå innlegget mitt på Diskusjon:Ivar Garberg. Linuxboksen

Organisasjonen HEITER "Den palestinske frigjeringsorganisasjonen", og er ein organisasjon som jobbar for å frigjera Palestina frå Israel. Du er usakleg. Igjen. Og fjernar korrekt informasjon. Igjen. --Tannkrem 21:21, 8 oktober 2006 (UTC)

At PLO er ein frigjeringsorganisasjon som vil frigjera Palestina er di meining. Mi meining er at PLO er ein terrororganisasjon som arbeider for å utsletta Israel. Eg er fullt klår over at mitt syn ikkje er noko meir nøytralt inn ditt, difor endra eg "frigjeringsorganisasjonen" til kort og godt "organisasjonen". Om du ikkje klarar å ta det poenget so trur eg likevel at andre kjem til å gjera det. Linuxboksen
I alle høve bør ein kalla ein spade for ein spade. Og ein bør kalla den palestinske frigjeringsorganisasjonen for ein palestinsk frigjeringsorganisasjon. Og ein bør kalla Frp eit liberalistisk parti, fordi det er det dei har vedteke at dei er, sjølv om dei eigentleg har forkasta mange liberalistiske standpunkt. Du har ikkje noko poeng, du berre tek deg til rette og fjernar korrekte opplysningar fordi du har lyst. Og eg har gjeve opp no. Det hjelper ikkje å argumentera mot deg, du turar fram som du vil, utan omsyn til kva nokon andre (det gjeld jo ikkje berre meg) meiner. --Tannkrem 21:37, 8 oktober 2006 (UTC)
For deg er det PLO driv med frigjering, for meg er det terrorisme. Du legg vekt på okkupasjonen av Vestbreidden, eg legg vekt på freistnadene dei har gjort og gjer på å utradera staten Israel. Skal Wikipedia ta standpunkt om kven det er av oss som har rett, so er ikkje Wikipedia lenger nøytralt. Om nynorskwikipediaen skal leggja seg på Politically Correct Point Of View i staden for NPOV so fær ein leita etter nøytral informasjon andre stader enn her. På bokmålswikipediaen er administratorane veldig klåre på dette. Linuxboksen
Det handlar ikkje om kva eg eller du legg vekt på, det handlar om kva organisasjonen legg vekt på. Det kan me skriva, utan å seia noko om at dei har rett eller tek feil. Og det er grunnen til at eg ikkje fjerna opplysninga om at Garberg er ein "profilert israelven", noko som ikkje er ei meir nøytral nemning enn "palestinsk frigjeringsorganisasjon". Men du veit at eg ikkje gidd å føra redigeringskrig mot deg. Og eg veit at du ikkje kjem til å slutta med å endra alt eg gjer. Så me kan berre avslutta denne "diskusjonen". --Tannkrem 21:53, 8 oktober 2006 (UTC)


Ja det er greit mvh --Nicolay 09:38, 10 oktober 2006 (UTC)

Pustepause

endre

Når du kjenner trong til uttrykk som .. ikkje tek omsyn til kva nokon andre seier, ...samansausing av tull, fakta, eit satirisk stunt og eit tidlegare forvaltningsorgan. Slett heile driten ... trur eg du bør ta ei pustepause. Hugs at ei av retningslinene er å ta ting opp i beste meining (eller ha ein kameratsleg haldning som nokon av oss vil seie). Og då særleg i høve til nye folk. Hovudtrekka her er at dette er ein venleg plass. Og me er ikkje så mange, så me treng alle. --Ekko 18:06, 20 oktober 2006 (UTC)

Du har rett. Eg "tok litt av". --Tannkrem 18:43, 20 oktober 2006 (UTC)

Entrecôte

endre

Kva var det du skreiv på entrecôte for noko? Slikt hadde eg ikkje venta av deg. --EIRIK\diskusjon 22:50, 9 november 2006 (CET)

Eg var så lei av dårleg tull, så eg tenkte eg skulle laga tull som hadde eit poeng. Skal ikkje gjera det meir. --Tannkrem 22:57, 9 november 2006 (CET)

Utilgjengelege bilete

endre

Problemet var at hydraulikk-biletet ikkje låg på Commons, men på bokmålswikipediane sine eigne biletsider. Viss det var tekst på biletet var det for så vidt gode grunnar til ikkje å ha det på Commons, bortsett frå at det altså hindra deg i å bruke det. Du kunne ha kopiert biletet og lasta det opp på Commons (viss du har brukarkonto der, men det er jo berre å registrere seg). Trondtr 08:54, 3 desember 2006 (CET)

Narve

endre

Du skriv «Arbeidarane på Snøhvit LNG vart evakuerte frå Melkøya 23. november, og frakta med båt til Alta og Lakselv.» Narve haldt på 17.-20. januar 2006. Er det datoen eller evakueringa som er feil? --Frokor 20:08, 4 desember 2006 (CET)

Det var jo heilt feil ja... Eg tenkte februar (som òg er riv ruskande gale) og skreiv november. No har eg retta. --Tannkrem 20:18, 4 desember 2006 (CET)

Ordbruk

endre

Som oftast kan det vera greitt å ikkje utbasunere eigne personlege meiningar om andre, sjølv om det strid mot eigne ideal. For ein som sjølvutnemnd ligg så langt til venstre så mogleg, kan det raskt slå tilbake på ein sjølv. Det kan difor vere lurt å ikkje halde hovudet for høgt oppe, når ein skriv i det som skal vera "eit nøytralt oppslagsverk". Særs når ein ellers gjer ein så god jobb.Anders 23:58, 5 desember 2006 (CET)

Denne kommentaren såg eg ikkje før no. Eg ser ikkje noko stort problem med at eg gjev uttrykk for personlege meiningar, så lenge eg ikkje prøver å dra dei inn i artiklane (slik mange gjer). Men me kan vel alle ta litt for hardt i av og til. Eg synest likevel ikkje eg tek hardt i når eg kallar Ludvig Nessa ein "galning", reknar med det var det du sikta til. --Tannkrem 18:21, 7 desember 2006 (CET)

Dataspel

endre

Men eg er einig i at det burde vore artiklar om spel som Tetris, SMB samt Counter Strike og slikt. Kanskje vi får ta å skrive dei? Anders 23:58, 5 desember 2006 (CET)

Dataspel er ikkje mi sterkaste sida. Eg veit lite om dei, og interesserar meg ikkje så mykje for dei heller. Men sjølvsagt burde me ha tetris og eit par andre viktige spel og spel-fenomen. --Tannkrem 00:02, 6 desember 2006 (CET)
Interessa er no så som så her og, men eg berre lurde sidan du etterspurde det. Artiklar har jo trass alt ein lei tendens til å ikkje skriva seg sjølve... --Anders 18:10, 7 desember 2006 (CET)
Det er mykje me burde ha... Og mange av artiklane me burde ha er mykje viktigare enn artiklar om dataspel og annan populærkultur. Men no har eg iallfall laga tetris-artikkelen. --Tannkrem 18:21, 7 desember 2006 (CET)
Det er så. Ja eg såg den var blå, ja. Anders 18:38, 7 desember 2006 (CET)

Drikke og eta

endre

Hei Tannkrem, det er lov å bruke kløyvd infinitiv her, og i dette fallet var det både dialektnært for nordmørsuttrykket og rett bruka. Det var derfor eg endra det tilbake att. :] Olve 01:10, 21 desember 2006 (CET)

Åja, det tenkte eg ikkje på... Er ikkje van med kløyvd infinitiv eg, men du har rett i det. --Tannkrem 01:26, 21 desember 2006 (CET)

OK. «Nei sveitte», som det heiter på engelsk. -- Olve 01:33, 21 desember 2006 (CET)

Eg byrja å kikke på artikkelen, men trur han treng ei kraftig omskriving, sjølv om han vert omsett til nynorsk. --Frokor 22:34, 19 januar 2007 (CET)

Samd i det, såg nett på han sjølv. --Tannkrem 22:35, 19 januar 2007 (CET)

Tok nett no ein diff på kva du har gjort av endringar. Det var jo så mykje raudt at det var som eit mareritt frå ungdomsskulen! Spøk til side; bra jobba! --Ekko 11:22, 22 januar 2007 (CET)

Eg har endra mykje som ikkje var feil. Men om eg skal setja om resten, er det enklare om eg får definera språkforma heile vegen. --Tannkrem 19:33, 22 januar 2007 (CET)
Greit det. Så skal eg sjå kva eg kan få til på historia, ta ein tur til eit sprøytebetongdøme i helga + få til eit fotografi av Norcem-garden i Oslo (fått pris for god byggeskikk i betong). --Ekko 21:51, 22 januar 2007 (CET)

Forsidepuss

endre

Fin «oppgradering» av brukarsida di! :-) Olve 22:27, 22 januar 2007 (CET)

Sletting

endre

Desse artiklane har eg lenge vurdert å sletta uansett, eit leksikon som ikkje eingong har artikkel om kanskje verdas mest kjende rappar Eminem, treng vel heller ikkje artikkel om to unge rapparar frå Bergen som ikkje har gjeve ut noko. --Cato 07:53, 15 februar 2007 (CET)

Truleg vert dei fleste artiklane om ukjende rapparar frå Bergen (for det var langt frå berre to) sletta. Om du har vurdert slettinga lenge kunne du ha sett slettemerke på dei, så andre òg kunne få høve til å vurdera. Og kanskje det kan koma fram opplysningar om at nokre av dei faktisk er nemneverdige. Kva for rapparar me ikkje har ein artikkel om, er ikkje eit argument. --Tannkrem 14:15, 15 februar 2007 (CET)

No er det vel i grunn opp til meg å vurdere kva eg vil bruke som argument, er det ikkje?--Cato 16:43, 15 februar 2007 (CET)

Jo, sjølvsagt. Men om du skal få nokon til å verta samde med deg, bør du jo bruka argument som er relevante. At Eminem enno ikkje har fått seg ein artikkel er eit godt argument for å laga ein artikkel om Eminem, men ikkje eit godt argument for å la vera å laga artiklar om andre. Diskusjonen om (relativt) ukjende rapparar frå Bergen har ikkje noko med Eminem å gjera. Grunnen til at Eminem ikkje har ein artikkel er ikkje at nokon meiner at han ikkje bør ha det, difor vert det feil å samanlikna Eminem med rapparar me vil sletta.
Hovudpoenget mitt er i alle høve at sjølv om folk er ukjende, bør me først leggja inn slettemalen på dei, slik at folk kan gjera artikkelen brukande dersom det er grunnlag for det, så slepp me å sletta. På nb: vert nye og gamle artiklar sletta på minuttet dersom ein eller annan administrator finn ut at han ikkje vil ha dei. Slik vil ikkje eg ha det her. I akkurat dette tilfellet trur eg ikkje at dei to frøa du sletta hadde overlevd i alle høve, så eg trur ikkje nokon av oss misser nattesvevnen over det. Men eg legg altså ikkje slettemalen inn i artiklar fordi eg vil ha dei sletta med det same. --Tannkrem 17:09, 15 februar 2007 (CET)
Det er rett det, nytt slettemalen sjølv om du er trygg på at sletting er rett. Ein og annan gong tek me feil, sjølv gjorde eg det seinast i januar 2006! (SPØKVARSEL!SPØKVARSEL!). --Ekko 17:31, 15 februar 2007 (CET)

(Fjernar velkomst, denne brukaren er jo ikkje ny eller anonym) : ja her kunne du slette med godt samvit. Eg skifta PC og glømte å logge meg inn. Såg ikkje advarselen før eg lagra. - Knut 19:37, 15 februar 2007 (CET)

Ja, eg såg eigentleg at det var deg, før eg hadde lagra. Men så lagra eg det likevel... --Tannkrem 19:40, 15 februar 2007 (CET)

ORDVAL

endre

De skreiv "Det er lov å skriva "blir" på nynorsk. Eg endra endringa di fordi setninga var rett slik ho var i utgangspunktet[...]" Vil det seia at når ein fyrst skriv eit ord som er godteke på nynorsk kan ingi endra det? Kva om nokon skriv rare ord for eksempel blandar "bokmålsord" og gamle nynorskord i ein tekst?

Nei, det sa eg ikkje, og det meiner eg ikkje. Men å endra "blir" til "vert" er gale, så lenge du ikkje utvidar artikkelen og av den grunn innfører ein annan språkleg stil. Sjølv ville eg ha skrive vert, dersom eg skreiv artikkelen. Men eg har ikkje skrive artikkelen, eller bidrege særleg til han, difor er det feil av meg å endra det til min eigen språkstil. Når det gjeld t.d. tilletne anbeheitelse-ord, synest eg det i nokre tilfelle kan vera rett å endra dei, sjølv om det ikkje har samanheng med ei generell endring av språket i artikkelen. Når det gjeld inkonsekvent målføring, er det òg greit å endra. Sjå retningslinene for målføring --Tannkrem 00:09, 16 februar 2007 (CET)

RAP(parar) frå Bergen

endre

Eg kjem neppe til å oppdatera desse sidene på ein god stund, sidan eg med tida er vorten inhabil på dette feltet - det finst få eller ingen relevante artistar i Bergensmiljøet som eg ikkje pleier gode kontaktar med per i dag.

Det er ikkje feil å påstå at utvalet av rapparar eg har konsentrert meg om er smalt og syner eit noko skeivt bilete av hiphop i Noreg. Slettemani er slik eg ser det ikkje løysinga på dette - at leksikonet er sterkare på somme felt enn andre er sjølvsagt problematisk, men det er betre å gle seg over at det i det heile teke er sterkt (stor kvalitet eller, i dette tilfellet, kvantitet) enn å uroa seg og gripa til sletteknappen for å prøva å retta opp maktbalansen. For å bruka ein analogi; mistar du ein fot bør du heller kjøpa deg ein god beinprotese enn å amputera den andre foten. Dette usignerte innlegget vart skrive av Gunnar Mikalsen Kvifte (diskusjon · bidrag)

Svar på Kategoridiskusjon:Norske rapparar. --Tannkrem 22:03, 18 februar 2007 (CET)

saharakassa

endre

Finnes det en sandkasse "privat" for hver bruker, som man kan skrive en artikkel i og vente med å legge den ut til den er ferdig?dvs skrive den i flere stykker og lagre de der imens? Om du skjønner hva jeg mener? --The goose is out! 20:02, 9 april 2007 (CEST)

ahem...

endre

Kvifor sletta du dei to bileta eg lasta opp? No må eg lasta dei opp på nytt, di eg ikkje ser eg gjorde noko gale her. Eller var ikkje trollstigebiletet fint nok? PÅ brukarsia er man vel litt friare? eller var det berre hevn fordi eg var for krass i åtvaringa mi ista.? --The goose is out! 20:17, 9 april 2007 (CEST)

okei. Lisens må du hjelpe meg med å ordne, eg kan ikkje koden for det. Biletet tok eg sjølve for en god stund sidan.. biletet på brukarsia mi teikna eg sjølv nett no i paint. KAn du antislette dei igjen, og lisensiere dei? Eller går det ikkje å antislette? --The goose is out! 20:19, 9 april 2007 (CEST)
Om du har teke biletet sjølv, kan du gje det ein lisens og lasta det opp att. Teikninga di er ikkje noko Wikipedia skal bruka lagringsplass på. Eg veit ikkje så mykje om dei ulike lisensane, men du kan sjå på retningslinene. --Tannkrem 20:27, 9 april 2007 (CEST)

Flytting på det gode viset

endre

Hei Tannkrem!

Reknar med at du eigentleg skulle ha flytta Melkor til Morgoth? Då hadde du fått omdirigering og historikken hadde vore rettare ettersom Eiliv var han som starta artikkelen. --Guttorm 22:15, 18 mai 2007 (CEST)

Ja, du har vel rett i det, eg tenkte meg ikkje om. --Tannkrem 08:23, 19 mai 2007 (CEST)

Du gløymde bolken om elbilplagen, som ein ser i kollektivfeltet kvar morgon: Ein elbil i front, 60 km/t for å spare batteri. Dernest to Volkswagen Caravelle med bussregistrering, ein person i kvar. Så alle dei greie motorsyklistane som ikkje kjem forbi. På vegne av vanvittig mange; Sture Hansen

Eg gløymte ikkje det. Eg har ikkje vore klår over at det var eit problem. Om noko manglar kan du jo berre leggja det til... --Tannkrem 21:22, 22 mai 2007 (CEST)

Formatering - kjelder

endre

Hei, Tannkrem, og takk for hjelpa så langt.

Eg har eit par spørsmål: Korleis lenkjer eg til kjelder ved hjelp av fotnoter? Gjer det meining å lenkje til trykte kjelder som ikkje er på nett? Til dømes trykte leksikon?

Finst det noko samleside for slike tema? Eg har prøvd å kikke litt rundt, men har berre funne hjelpesider for dei heilt enklaste formateringane.


Inger

Det står om kjelder under Wikipedia:Kjelder. Alt som blir brukt som kjelder bør med -- det går jo an for andre å finna fram til leksikon og slikt òg, sjølv om det ikkje er like lett som nettet.
Elles er det vel skralt med formateringshjelp, ja. Er det noko særskilt du saknar?
Du kan forresten skrive under på innlegga dine med fire tilder, slik: ~~~~. Du kan skriva dei inn sjølv eller få dei fram ved å trykka på knappen som ser ut som ein signatur over skriveboksen. --Ranveig 18:31, 5 juni 2007 (CEST)
Nokon av oss litar framleis meir på papir enn nett. Og enno ei stund vil primærkjelder vera på papir. --Ekko 20:35, 5 juni 2007 (CEST)

Eit par spørsmål til: Korleis lager ein internlenkjer til kategoriar? Og finst det nokon mal på korleis ein fører opp wikipedia på andre språk som kjelde? --inger 15:19, 6 juni 2007 (CEST)

Eg har kome med eit framlegg på Wikipedia:Kjelder. Internlenking til kategoriar, gjer me det då? --Ekko 09:18, 7 juni 2007 (CEST)

USA eller Sambandsstatane

endre

Sitat:

Du kan ikkje berre flytta artiklar heilt utan vidare, særleg ikkje når det pågår ein diskusjon om kor artiklane skal liggja. Sjekk diskusjonssida først! --Tannkrem 20:53, 5 juni 2007 (CEST)

Sitat slutt.

Då kan ikkje De berre endra namnet attende heller.

Hjarteleg helsing frå Ågot Ågotnes

Kven som helst kan sjølvsagt når som helst rulla attende endringar som bryt med retningslinene til Wikipedia. Eg hadde ikkje tenkt å gjera det, men du freistar meg med den arrogante haldninga di. --Tannkrem 21:04, 5 juni 2007 (CEST)
Eg meiner han bør rullast attende til USA. Diskusjonen enda vel med at USA var det beste alternativet, særleg med tanke på plassering i kategoriar. --Frokor 21:19, 5 juni 2007 (CEST)
Diskusjonen enda med at to meinte han burde flyttast og to meinte han burde stå. Eg har sans for Sambandsstatane. Men berre flytt han attende du. eg trur eg er i mindretal når alt kjem til alt. --Tannkrem 21:27, 5 juni 2007 (CEST)
Sant nok. Var berre to mot to (no tre mot tre :-) ), men han virka foreløpig avgjort sidan det har vore stille i diskusjonen sidan 2005. --Frokor 21:29, 5 juni 2007 (CEST)

Gidd du å vaske manatane vidare? Dei treng det. --Ekko 18:51, 30 juni 2007 (CEST)

Har ikkje tid i dag men kanskje seinare ein dag. --Tannkrem 20:25, 30 juni 2007 (CEST)
Takk. Ein ting er språkkjensla mi, men uansett er det vanskeleg å lesa god korrektur på eigen tekst. --Ekko 20:59, 30 juni 2007 (CEST)

Ein gløymer lett språk ein ikke nyttar så ofte..... --Sigmundg 23:15, 14 august 2007 (CEST)

Prosjekt politiske partier på bokmål-wikipedia

endre

Hei! Vil bare tipse om at det er startet et prosjekt om politiske partier på bokmål-wikipediaen: no:Wikipedia:Underprosjekter/Politiske partier. Det hadde vært fint med et lignende prosjekt på nynorsk, svensk og dansk wikipedia, så en kunne jobbe litt sammen om å utvide wikipedia på dette området (det går jo nokså kjapt å oversette mellom de ulike skandinaviske språk, som vel nærmest er ulike varianter av samme språk). --Oddeivind 00:30, 2 januar 2008 (CET)

Tunnel versus Tunell

endre

Hei, eg såg du retta tunell til tunnel i artikkelen Uføretunnelen. Sjølve namnet på tunellen er med ein l, men det er lov å skriva tunnell med to l-ar; så med mindre du meiner du har ein god grunn til at det skal stå tunel i staden for tunell, så vil eg retta det tilbake. --Harald Khan Ճ 20:22, 8 januar 2008 (CET)

Etter å ha sett litt nærare etter i ordboka mi fann eg ut at det heiter enten tunnel eller tunell. [1], så eg hadde nok ikkje heilt rett. --Harald Khan Ճ 20:39, 8 januar 2008 (CET)

God artikkel?

endre

Tek du ein titt på Isar no? --Ekko 20:14, 15 januar 2008 (CET)

A til Å?

endre

Det er ikkje berre eg som legg ut på endelause, systematiske maratonprosjekt ser eg :-). Stå på! --Frokor 20:49, 18 januar 2008 (CET)

Kaffi og fyr

endre

Hei. Kan du ta ein titt på denne og denne att? --EIRIK\diskusjon 23:02, 4 februar 2008 (CET)

Hei du!

endre

Kva meiner du med å anklage meg for å nytte fleire brukarnamn? --Fotball 16:49, 5 februar 2008 (CET)

Kvifor vs. korfor

endre

Hei igjen, - såg at du skreiv kvifor ein stad, så tenkte eg berre skulle minna om at korfor faktisk er ei hovudform; sidan du plar bruka nynorsk som ligg nær til sunnhordlandsdialekta. --Harald Khan Ճ 20:40, 14 februar 2008 (CET)

Eg veit at eg kan skriva korfor, men eg synest det er like mykje ei tillemping til bokmål som ei tillemping til sunnhordlandsdialekt. Eg kan òg skriva koss eller kossen i staden for korleis, men for meg vert det meir som ei slags forkorting av det same ordet. Og Oslo-folk som seier åssen kan skriva hossen, viss dei vil det. Mykje betre enn at dei brukar bokmål og må skriva hvordan. Og eg kunne ha skrive kor i staden for kvar. Er det særleg mange utanfor vest-Telemark som seier kvifor og kvar? Det tvilar eg på, men eg vil likevel skriva det. Det er nok ikkje så mange som seier hovud heller, men det er likevel ikkje noko mål for meg at alle skal skriva håve eller hode. Det finst mange ord som ligg tett opp til bokmål eller samnorsk i min dialekt, som eg ikkje brukar, sjølv om dei er lovlege i nynorsk.
Har du forresten lagt merke til at vestlendingar, trønderar og nordlendingar skriv mykje meir konservativt (riksmålsk) enn austlendingar når dei skriv bokmål? Eg trur det kjem av at det er lettare for dei som har dialektar som liknar bokmål å tilpassa bokmålet til dialekten sin.
Nokre ord og former har eg byrja å skriva etter å ha teke ei gjennomtenkt avgjerd. Dette gjeld t.d. å verta i staden for bli (eg seier jo bli, tidlegare skreiv eg det og) og a-endinga eg har snakka med deg om før. Elles skriv eg stort sett slik eg skreiv på skulen då eg var liten. --Tannkrem 21:04, 14 februar 2008 (CET)
Den er grei. Sjølv meiner eg at dess meir eit skriftspråk liknar på talemålet, dess betre. Ønskjer t.d. at det blei lov å skriva da (det) og jento, noko som er talemålet for mange nynorskbrukarar.
Eg visste ikkje at koss var lov å skriva, så takk for tipset (vil ikkje nytta meg av han sjølv då han er ein klammeform). --Harald Khan Ճ 21:21, 14 februar 2008 (CET)

Takk Tannkrem!

endre

Tusen takk Tannkrem for den supporten du gjev meg. Men administratorstatusen til Frokor og Cato bør vel kunne diskuterast? --Gaute 22:00, 18 februar 2008 (CET)

Blokkeringspraksis

endre

Brukaren hadde tidlegare vore blokkert, og hadde fått nok åtvaringar. Då satt eg inn ei blokkering på to timar. Problemer med det? --Cato 14:38, 19 februar 2008 (CET)

Hm. Då er det noko gale her, anten i ein mal eller hjå meg. Når eg går inn på lenkja som ligg på diskusjonssida til brukaren, ser eg ikkje den tidlegare blokkeringa. --Tannkrem 15:28, 19 februar 2008 (CET)

Atsjo!

endre

Sjå på mal:infoboks parti, i bruk på Arbeidarpartiet. Er det felt eller logikk som manglar? (Sjølv skulle eg gjerne hatt litt meir farge, men det eg prøvde blei litt vel Raudt!) Tips til ein annan gong: Spør Frokor eller mas meir. ;-) --Ranveig 22:02, 21 februar 2008 (CET)

Eg likte svært godt det «gamle» designet som Kurtber laga til. Er det mogleg å kombinere det med dei valfrie felta? --EIRIK\diskusjon 22:04, 21 februar 2008 (CET)
Eg har testa og kommentert på diskusjonssida til malen. --Tannkrem 22:06, 21 februar 2008 (CET)
Eirik, meiner du fargar, tekststilling eller noko anna? Ein kan få til det meste med litt (mykje) prøving og feiling. --Ranveig 01:00, 22 februar 2008 (CET)
Eg meiner slik han set ut på til dømes Moderata samlingspartiet (Mal:Infoboks politisk parti). Den er etter mitt syn, både kva gjeld fargar, skriftstil og skriftstorleik, perfekt. --EIRIK\diskusjon 20:35, 22 februar 2008 (CET)

Fjord

endre

Takk for hjelp, Tannkrem. Eg held no på å føre opp alle fjordar i heile landet. Så til slutt er det meininga at kvar einaste liten fjordarm skal nemnast (i alle fall i Fjordar i Noreg, ikkje at alle skal ha sin eigen artikkel). --Frokor 15:59, 22 februar 2008 (CET)

Ingenting å takka for, eg må jo retta når eg finn feil, sjølv i «andre sine» prosjekt. :-)
Lister er forresten noko me burde hatt meir av generelt, i tillegg til kategoriane. --Tannkrem 16:06, 22 februar 2008 (CET)

Tillit

endre

Røystinga kan då umogleg vere noko tull, eg stiller eit spørsmål: Har du tillit til meg som administrator? Og ber dei som har tillit til meg om å skriva seg på under. Er det tull? --Cato 13:28, 24 februar 2008 (CET)

Spørsmålet som står der no er greitt. Røystinga du hadde då eg skreiv det synest eg var noko tull. Og eit lite tips: Kommentarane du har lagt inn på brukarsida di no (der du m.a. skryt av at du er ein «kontroversiell» «kranglefant») er heller ikkje særleg tillitvekkjande og seriøse. --Tannkrem 15:26, 24 februar 2008 (CET)

Når eg skriv at eg er ein kranglefant, vil eg tru dei fleste ser på det som ein sjølv-ironisk kommentar eller innrømmelse og ikkje som skryt. Men som eg tidlegare har sagt - Eg og du ser truleg verda på to ganske forskjellige måtar, utan at det treng vere negativt. --Cato 15:54, 24 februar 2008 (CET)

Det du no kallar sjølvironi (som eg kallar sarkastiske og useriøse kommentarar) er altså ikkje noko som gjer at brukarsida di ser meir seriøs ut. Eg har hatt liknande kommentarar på mi eiga brukarsida, men fjerna dei då eg vart administrator og i større grad ein representant for Wikipedia og ikkje berre ein tilfeldig brukar. Men du står sjølvsagt fritt til å vera usamd med meg, og gjera som du vil med di eiga brukarsida. --Tannkrem 16:13, 24 februar 2008 (CET)

Ferjesamband

endre

Det finst ei tysk side av alle ting som har ein oversikt over alle ferjesamband, inkludert Halhjem-Sandvikvåg i Noreg og alle (eller kanskje berre dei fleste) ferjene som har gått her, i tillegg til liste og info om dei forskjellige ferjene. Dei forskjellige ferjene langs Halhjem-Sandvikvåg kunne kanskje vore nemnd. --Frokor 23:02, 5 mars 2008 (CET)

Ja får sjå om eg får åndo ein dag... Eitt problem med den sida der er at dei (førebels?) berre gjev att namnet på dei fleste ferjene, men ikkje noko årstal eller nummer som gjer at me kan skilja ferjene med same namn frå einannan. Men takk for tipset! --Tannkrem 23:08, 5 mars 2008 (CET)

Bibelsitat

endre

Hei! Leste om spelt og fant ut at det kanskje er på tide å oppdatere bibelsitatet (1921) til mer moderne språk (1978/1985) (www.bibelen.no) Dette usignerte innlegget vart skrive av jontonn (diskusjon · bidrag)

Det kan du gjera sjølv, berre trykk på knappen der det står «endre», så endrar du teksten og lagrar. :-) --Tannkrem 12:43, 10 mars 2008 (CET)

Eg har gjort noko dumt; kan du hjelpe?

endre

Atferd og Åtferd var raude lenkjer i mange artiklar. Eg har, visstnok utan å tenkje, «løyst» dette, uff-da, ved å omdirigere dei til Behaviorisme. Særs uklokt. Greier du (som tilfeldig valt administrator) få dette ugjort? Takk. --Hordaland 09:57, 18 april 2008 (CEST)

Eg braut inn og laga ei kort spire der. Det går an å sletta slike feildirigeringar, men det er mest alltid betre med rett innhald. (Om du vil redigera ei omdirigering trykker du på lenka til omdirigeringsordet øvst på sida når du er blitt omdirigert, så kjem du til ei side du kan endra på vanleg måte.) --Ranveig 11:04, 18 april 2008 (CEST)
Mange takk for løysinga og instruks, Ranveig! --Hordaland 16:23, 18 april 2008 (CEST)

Blindsjakk

endre

Det er mogleg at eit leksikon ikkje kan bli imponert, men eg visste at Koltanowski hadde spelt 34 sjakkparti samtidig - 1088 brikker på 2176 ruter - utan å gå i surr - og det er i alle fall imponerande for dei aller fleste menneske. Men det er heilt greitt, eg skjønar godt kva du meiner. Du fekk meg i alle fall til å lage ei meir utfyllande side om emnet, og det var jo bra. --Egil Arne 28. juni 2008 kl. 14:17 (CEST)Svar

fleirtydingssider

endre

Eg tykkjer ikkje det er nokon god ide å opprette fleirtydingsside med berre raude lenkjer, då ser det ut til at me har artiklar me ikkje har. Fleirtydingssider bør berre nyttast der me har minst ein artikkel, etter mi meining. Anders 7. oktober 2008 kl. 18:37 (CEST)Svar

Sletting av Even Hovland

endre

Hei.

Ser at du har foreslått sletting av Even Hovland artikkelen med argumentasjonen at "det å ver rekna som eit stort talent ikke er leksikonverdig" eller noe slikt.

Dette oppfatter jeg som dypt usakelig og arrogant.

Even Hovland er en etablert landslagspiller for Norge, og er en av de mest lovende unge fotballspillerne i Norge. Jeg foreslår at du retter opp denne feilvurderingen, og legger deg på minnet at neste gang du ønsker å fåreslå noe slettet så gjør du litt research først.

Kilde 1 til talentutsagn: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6150432 - Best for Norge

Hovland har denne sesong ruva i midtforsvaret til Sogndal og debuterte i oppgjeret mot Moss som lagkaptein.

- Ein høgreist og fysisk stor midtstoppartype. Han har veldig stor fart og har også eit bra tilslag. Norges bestemann i G19-kvaliken, rosar Semb.


Kilde 2 til talentutsagn: http://fotball.aftenbladet.no/eliteserien/article113597.ece

Even Hovland (14.02.1989), midtstopper, Sogndal

Semb: - En høyreist og fysisk stor midtstoppertype. Han har veldig stor fart og har også et bra tilslag. Norges bestemann i G19-kvaliken.

Legg merke til at begge kjeldene dine er avisartiklar som vart skrivne etter at eg la inn slettemerke, og at du såleis på ingen måte har grunnlag for å påstå at eg er usakleg og arrogant ut frå det du påpeikar. Og bruk diskusjonssida til artikkelen, ikkje diskusjonssida mi, når du diskuterer ein artikkel. --Tannkrem 6. mars 2009 kl. 23:30 (CET)Svar

Utvikling og evolusjon

endre

Eg rulla attende endringa i Wikipedia:Kjerneartiklar utvikling > evolusjon. Eg er ganske sikker på at det med overskrifta er meint ein artikkel om utviklinga av mennesket, det vil si utvikling av det menneskelege samfunnet og den menneskelege kulturen. Evolusjonen som leidde fram til mennesket er eit anna tema. Evolusjon hos menneskja er eit omstridd tema, og bør ikkje ha status som ein kjerneartikkel.-Knut 15. mars 2009 kl. 17:51 (CET)Svar

Det som står i lista over viktige artiklar på bokmål, der lista vår er henta frå, er menneskets evolusjon. Så der tek du nok feil. Utvikling av mennesket kan jo vera så mangt, og er ikkje eit brukande oppslagsord. Me må jo vita kva det er dei meiner, dei som har laga lista, viss ikkje så kan me jo berre skriva vår eiga lista. Difor leita eg meg fram til kva dei meinte, og endra det til noko meir konkret. --Tannkrem 15. mars 2009 kl. 17:58 (CET)Svar
Ein sjekk på bokmålswiki syner at du har rett i kva som er tenkt. Men like fullt meiner eg overskrifta på bokmålsartikkelen er feil. Han handlar om utviklinga (evolusjonen) som leidde fram til mennesket, ikkje om menneskets evolusjon. Så om vi skal ha ein evolusjonsartikkel, høyrer han heime blant viktige biologiartiklar, og, viktigare: overskrifta bør dekkje det han handlar om. --Knut 15. mars 2009 kl. 18:02 (CET)Svar
Eg er einig med deg i at me ikkje treng ein eigen artikkel om menneskeleg evolusjon, det burde halda lenge med éin artikkel om evolusjon.
Eg har oppdaga at lista me brukar ikkje stemmer med lista til mediawiki, fordi lista vår aldri har vorte oppdatert. Dette forklarer òg kvifor me manglar ca 150 artiklar på statistikken men nærare 250 i lista vår. Eg trur difor at me ikkje treng denne artikkelen om evolusjonen til mennesket, når alt kjem til alt. --Tannkrem 15. mars 2009 kl. 18:12 (CET)Svar
Då tok eg han vekk frå lista. Artikkelen kan vi jo skrive, uansett. -- Knut 15. mars 2009 kl. 18:58 (CET)Svar


NorgesPatriotene

endre

Sjå diskusjonssida. Anders 14. september 2009 kl. 19:12 (CEST)Svar

Hva namn skal artikkelen ha?

endre

Eg trur at Kampsporten MMA er det beste namnet.

Den danske siden heter MMA. Den norske siden het MMA, men ble endra utafor diskusjonssida.

(Frå den norske diskusjonen, 4. sep 2009 kl. 23:10 :

«Endring av navn på artikkelen, til MMA-kampsport : Egentlig burde artikkelen «MMA» være en disambiguation-artikkel. Som på engelsk og svensk wp. «MMA» er et begrep for de som allerede er noe kjent med sporten. «MMA-kampsport» er et begrep som flere forstår,umiddelbart. 81.191.68.213 )»


Synspunktet er som snytt ut av nasen min. Hvis «Kampsporten MMA» ikkje er bra nok,
så er «MMA(kampsport)» mitt andre val. Og MMA-kampsport mitt tredje val.

(Den norske mesteren fra ADCC (combat wrestling) seier ikkje «mixed martil arts»). --Torbjorn Jaktlykt 3. februar 2010 kl. 00:42 (CET)Svar

Svar på Diskusjon:Mixed martial arts --Tannkrem 14. april 2010 kl. 12:50 (CEST)Svar

Latinliste

endre

Eit tips er at mange av orda på Brukar:Tannkrem/A kan omdirigerast til og gjevast forklaring på «Uttrykk frå latin». --EIRIK\diskusjon 21. april 2010 kl. 22:36 (CEST)Svar

Kan vera fornuftig det ja. Det eg har tenkt er jo at dei fleste orda eg ikkje har laga artiklar på eigentleg er for små til å laga definisjonsspira om, så dei vil jo passa godt inn i den lista. --Tannkrem 22. april 2010 kl. 18:25 (CEST)Svar

File:Bømlabrua.Norway.JPG

endre

Hei tannkrem

Hvordan himmelrettning fra brua er det du har tatt dette bilde? --Snurre86 23. mai 2010 kl. 14:10 (CEST)Svar

Eg sto vel på Stordabrua trur eg. Så det vert vel aust eller nord eller noko slikt. --Tannkrem 23. mai 2010 kl. 19:54 (CEST)Svar
Stordabrua ligger nok nordøst for Bømlabrua. --Snurre86 23. mai 2010 kl. 22:22 (CEST)Svar

Konstruktivt

endre

Slike endringar er nyttigare for wikipedia enn diskusjonar. Som du kanskje har sett, har eg bede Migne fjerne det udokumenterte. Dersom han ikkje reagerer, får andre ta ansvar. Eg såg ei lenkje til Vredens gnag. Kanskje ein spøk, og folk kan vere OK sjølv om dei spøker, men det kjem jo litt an på kven dei spøker med... -Knut 19. juni 2010 kl. 21:41 (CEST)Svar

Diskusjonar er viktige, fordi dei må til for å visa kor viktig kjeldetilvisingar er for kvaliteten til denne typen leksikon. Når kven som helst kan skriva om kva dei vil, kan me ikkje berre utan vidare stola på at det er sant.
Også trivielle påstandar bør ha kjelder fordi dei kan vera galne, til dømes fordi me har misforstått kjelda vår eller hugsar feil. Då kan andre verifisera og retta. Sjølvsagt skal me ikkje drukna artiklar i kjeldetilvisingar, men ein Wikipedia-artikkel utan kjelder er ein dårleg Wikipedia-artikkel.
Det hjelper lite at ein stor prosentdel av stoffet på Wikipedia (større enn andre leksikon) er faktamessig rett, når alle veit at dei ikkje kan stola på det som står på Wikipedia fordi det kan vera riv, ruskande gale. I andre leksikon er ikkje opplysningane riv, ruskande galne, men dei kan vera upresise eller det kan vera trivielle opplysningar som er utsette for mindre faktafeil. Det er difor vanskeleg for Wikipedia å påstå at me har kvalitet, om me ikkje står knallhardt på kravet om kjelder i artiklane. --Tannkrem 19. juni 2010 kl. 21:54 (CEST)Svar

Vredens Gnag, liksom

endre

Jeg synes nok ikke at uttrykket «Vredens Gnag» er like morsomt som du synes. Jeg endrer det nå, og har også sletta redirecten som du laget for en måned siden. Mvh --M. Haugen 26. juni 2010 kl. 12:55 (CEST)Svar

Omdirigeringa synest eg godt kan vera der. Eg likar omdirigeringar. Men, som du vil... --Tannkrem 26. juni 2010 kl. 13:15 (CEST)Svar

Attenderulling

endre

Kva gale gjorde eg no då? Er det ikkje ein idé å opplysa om at norskdansk-høgnorsk ordliste i grunnen er ei ordliste frå bokmål til nynorsk?

Elles kunne du godt svara meg på ordskiftet under Syrin òg, når du skuldar meg for å vera usakleg. Dette usignerte innlegget vart skrive av 46.98.87.7 (diskusjon · bidrag)

Høgnorsk er ikkje nynorsk. Mange ord kan vera det same, men mange høgnorskformer er ikkje tillatne i nynorsk. Ved å kalla det for ei bokmål-nynorsk-ordlista, feilinformerer du.
Høgnorsk er nynorsk, det ser eg med eit halvt auga. Poenget er jo orda, ikkje skrivemåten. Høgnorsk var offisiell nynorsk i går, og vert det kan hende i morgon (som ordet me vart etter ei pause utanfor norma). Eg tykkjer det er eit viktigare poeng å få fram at det er ei ordliste frå bokmål, ettersom ikkje alle skjønar kva norskdansk er. Dette usignerte innlegget vart skrive av 46.98.87.7 (diskusjon · bidrag)
Eg er samd i at ein kan finna gode ord i eit høgnorsk ordtilfang, og at dei veldig gjerne kan erstatta bokmålsord eller andre lånord. Men Nynorsk Wikipedia sin definisjon av nynorsk seier at det er nynorskordboka som gjeld. Og mange høgnorskord høyrer ikkje heime der, anten du og eg likar det eller ikkje. Om poenget var bokmål i staden for norsk-dansk, kunne du ha skrive bokmål-høgnorsk-ordlista. --Tannkrem 13. juli 2010 kl. 16:42 (CEST)Svar
Kommentarar som at «at moderatorane her på Wikipedia heller stryk faglege tilskot» er usakleg. At du skal finna deg noko anna å gjera, har heller ingen samanheng med artikkelen du diskuterte. Det som var av saklege innspel i innlegget ditt, vart teke til følgje, likevel held du fram med å klaga. --Tannkrem 13. juli 2010 kl. 16:12 (CEST)Svar
Det var ikkje usakleg, det var det som faktisk hende. At slik åtferd kan føre til at folk får hug til å gjera noko anna, er òg særs relevant. Og ingen har kommentert det eg skreiv om omsetjing frå bokmål og dansk og kva det har å seia for målet på nnWp. Eg meiner det er usakleg å attenderulle det eg gjer utan å vilja ordskiftast om det eg har sagt låg til grunn for endringane mine. Dette usignerte innlegget vart skrive av 46.98.87.7 (diskusjon · bidrag)
Eg synest ikkje din skrivestil er eintydig heller. Men eg kan ikkje av den grunn gå inn og retta i ting du har skrive, så lenge det ikkje er feil. Du har fått vita kvifor det vart rulla attende. Det er ingen som har nekta å ordskiftast. Men du må godta at me har visse retningsliner som alle må fylgja. Har du meir prinsipielle synspunkt på språkpolitikken til Nynorsk Wikipedia, så bør du heller ta det opp på t.d. Wikipedia:Samfunnshuset, ikkje på diskusjonssidene til artiklane. --Tannkrem 13. juli 2010 kl. 16:42 (CEST)Svar
Kvar kan eg lesa om desse retningslinene? Og dersom du har meiningar om språket mitt, høyrer eg gjerne på det. Eg er støtt open for betre målføring! 46.98.87.7 13. juli 2010 kl. 16:48 (CEST)Svar
Wikipedia:Retningsliner
Du blandar høgnorsk-nære ord og skrivemåtar med t.d. e-endingar i infinitiv og i hokjønn ubunden form. Det ville ikkje eg ha gjort. Eg har ikkje dermed sagt at det er betre målføring å skriva slik eg ville ha gjort det. --Tannkrem 13. juli 2010 kl. 17:25 (CEST)Svar
Etter det eg ser i retningslinene, er det konsekvent målbruk som skal vernast. Eg kan difor ikkje skjøna anna enn at det burde vera ynskjeleg å retta opp i vaklande målbruk.
Når det gjeld infinitiv på a, e eller kløyvd, er dette dialektale skilnader som ikkje har noko med tradisjonell målføring andsynes bokmålsnær målføring å gjera. 46.98.87.7 13. juli 2010 kl. 17:36 (CEST)Svar

Your advanced permissions on nn.wikipedia

endre

Hello. A policy regarding the removal of "advanced rights" (administrator, bureaucrat, interface administrator, etc.) was adopted by community consensus in 2013. According to this policy, the stewards are reviewing activity on wikis with no inactivity policy.

You meet the inactivity criteria (no edits and no logged actions for 2 years) on this wiki. Since this wiki, to the best of our knowledge, does not have its own rights review process, the global one applies.

If you want to keep your advanced permissions, you should inform the community of the wiki about the fact that the stewards have sent you this information about your inactivity. A community notice about this process has been also posted on the local Village Pump of this wiki. If the community has a discussion about it and then wants you to keep your rights, please contact the stewards at the m:Stewards' noticeboard, and link to the discussion of the local community, where they express their wish to continue to maintain the rights.

If you wish to resign your rights, please request removal of your rights on Meta.

If there is no response at all after one month, stewards will proceed to remove your administrator and/or bureaucrat rights. In ambiguous cases, stewards will evaluate the responses and will refer a decision back to the local community for their comment and review. If you have any questions, please contact the stewards.

Yours faithfully. --علاء (diskusjon) 7. februar 2021 kl. 19:38 (CET)Svar

Hello, today I removed your admin flag. Einsbor (diskusjon) 8. mars 2021 kl. 09:07 (CET)Svar