Diskusjon:Ivar Garberg
PLO
endreTannkrem insisterar på å omtala PLO som den "den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO". Argumentet hans er at PLO faktisk står for Palestine Liberation Organization. Her kan eg vel berre minna om at den israelske heren heiter Israeli Defence Forces (IDF), so eg reknar med at Tannkrem for framtida ikkje vil protestera om eg konsekvent refererar til "den israelske forsvarsheren IDF" i artiklar som tek fyre seg det Israel held på med på Vestbreidda og Gaza. Eller er det slik at det gjeld ein standard for politisk korrekte RVarar og ein annan for oss hine... ? Når Tannkrem omtalar PLO som "frigjeringsorganisasjon" vert det på same nivå som om eg skulle insistera på at PLO var ein "terrorganisasjon", altso POV-pushing. Linuxboksen
- Organisasjonen HEITER "Den palestinske frigjeringsorganisasjonen", og er ein organisasjon som jobbar for å frigjera Palestina frå Israel. Du er usakleg. Igjen. Og fjernar korrekt informasjon. Igjen. Og brukar min politiske ståstad som argument mot alt eg seier. Igjen.
- Og med dei notoriske slettingane av omtrent alt eg skriv, sjølv når det eg skriv er korrekt, verifiserbart og lett å etterprøva, kan du vel ikkje for alvor tru at nokon andre skal sjå på deg som objektiv? --Tannkrem 21:27, 8 oktober 2006 (UTC)
- Det er objektivt å referera til "organisasjonen PLO", slik eg gjorde. Det er ikkje objektivt å referera til "frigjeringsorganisasjonen PLO" eller "terrororganisasjonen PLO" slik Palestina-vener og Israel-vener plar gjera. So den som ikkje er objektiv, det er du. Kva PLO kallar seg er det same, Wikipedia skal vera nøytralt og ein er ikkje nøytral om ein seier seg samd i føremålet til PLO. Linuxboksen
- Å referera føremålet til ein organisasjon, er ikkje det same som at ein er samd med organisasjonen.
- Nei, du refererar ikkje. Hadde du referert so hadde du vist til "organisasjonen PLO, som presenterar seg sjølve som ein frigjeringsorganisasjon for Palestina". Men du gjeng lengre enn det, du slær autoritativt fast at dei _er_ ein frigjeringsorganisasjon. Kor som er so er vel dette ein diskusjon som høyrer inn under ein evt. artikkel om PLO. Er det relevant for ein artikkel om Ivar Garberg om PLO driv med frigjering eller ikkje? "Organisasjonen PLO" er nøytralt og det legg denne debatten død. Meiner du verkeleg at nynorsk Wikipedia, i motsetnad til alle andre Wikipedia-system skal taka standpunkt i konflikten mellom Israel og PLO? Linuxboksen
- Eg har gjort som du sa og søkt på PLO:
- Engelsk Wikipedia:
- The Palestine Liberation Organization (PLO) (Arabic: منظمة التحرير الفلسطينية; Munazzamat al-Tahrir al-Filastiniyyah (help·info) or Munazzamat al-Tahrir al-Filastiniyyah) is a political and paramilitary organization regarded by Arab states as the "sole legitimate representative of the Palestinian people."
- Bokmålswikipedia:
- Palestinas frigjøringsorganisasjon (PLO) (arabisk: Munazzamatu t-tahrîri filistînîya) ble opprettet den 29. mai 1964 i Øst-Jerusalem, den gang en del av Jordan, på det grunnlag at «palestinske arabere har legitim rett til sitt hjemland». Samtidig har paraplyorganisasjonen i mangel av et eget palestinsk hjemland krevd og fått aksept for retten til å være den eneste representant for det palestinske folket i internasjonale fora.
- Konklusjon: Korkje engelsk wikipedia eller bokmålswikipedia gjeng god for at det PLO driv på med er "frigjering". Om nynorsk Wikipedia skal omtala PLO som ein frigjeringsorganisasjon, må ein gå til Wikipedia på andre språk for å finna nøytral informasjon. Linuxboksen
- Hæ? Det står jo "The Palestine Liberation Organization" og "Palestinas frigjøringsorganisasjon" her. Kva er poenget ditt? --Tannkrem 21:56, 8 oktober 2006 (UTC)
- Det står at organisasjonen _heiter_ "The Palestine Liberation Organization", det står ingen stad at organisasjonen faktisk _er_ det. Det er ingen stad at Wikipedia gjeng god for at det PLO driv med er frigjeringskamp.
- Du kan på same måten slå opp på http://en.wikipedia.org/wiki/Israel_Defense_Forces og lesa om den israelske heren, IDF. Der stend det ogso om "Israel Defence Forces", men ingen stader i artikkelen tek Wikipedia standpunkt om at det Israel gjer på Vestbredden er "forsvarskamp".
- No har du fått det inn med teskeid, so om du framleis ikkje ser denne distinksjonen, reknar eg med at andre likevel gjer det. Linuxboksen
- Me er samde om at PLO _kallar seg_ ein frigjeringsorganisasjon, me er ikkje samde i at dei _er_ ein frigjeringsorganisasjon. Skal nynorsk Wikipedia taka standpunkt eller skal me fylgja NPOV og ikkje gjera det? Verre er det ikkje. Linuxboksen
- Store Norske Leksikon sitt oppslag på PLO: «PLO, fork. for eng. Palestine Liberation Organization, se Palestinske frigjøringsorganisasjon.» Caplex: «– PLO, Palestine Liberation Organization, Den palestinske frigjøringsorg.,». Den palistinske frigjeringsoranisasjonen/Den palistinske frigjøringsorganisasjonen er innarbeidd som norsk namn på PLO. Viss ein ikkje likar det hjelper det ikkje å endre det til noko anna alle stader Den palistinske frigjeringsorganisasjonen er nemd på Wikipedia. Me skaper ikkje det norske språket og me skaper ikkje verkelegheita.
- Her er meklingsforslaget: «Han har òg kalla Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) for nasjonalsosialistar.»
- --Jorunn 22:04, 8 oktober 2006 (UTC)
- Meklingsframlegget Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) er greidt for meg. Her refererar ein heilt nøytralt organisasjonsnamnet. Når ein skriv "frigjeringsorganisasjon PLO" gjeng ein lengre enn det, då gjeng ein god for måten dei presenterar seg sjølve på. Er dette ei løysing som er grei nok for deg og, Tannkrem? Linuxboksen
- Ja, endringar til meir presise formuleringar er greit. Det eg reagerar på er at du berre fjernar ting som du ikkje har grunnlag for å fjerna, med grunngjevinga at han som skreiv det du fjernar (eller flyttar, som er den formuleringa du føretrekk) er medlem av RV --Tannkrem 22:21, 8 oktober 2006 (UTC)
- Eg omformulerte fordi eg meinte det som stod der var unøytralt eller for upresist, ikkje fordi opphavsmannen er med i RV, men fint om me kan verta samde no i alle fall. Linuxboksen
Anmeldingar for rasisme
endreBrukaren Linuxboksen har fleire gonger argumentert for at desse anmeldingane høyrer heime på artikkelen om Ivar Garberg, så her kjem dei.--Barend 16:50, 12 oktober 2006 (UTC)
- Du gløymde å få med kvifor sakene vart lagde burt, so her kjem presiseringa. Linuxboksen
- Då ingen har lagt fram ei kjelda for opplysninga om at SOS rasisme meldte Garberg, ei opplysning eg tidlegare har disputert, fjernar eg den.
- Frå Nynorskordboka: disputere v2 (frå lat. 'tinge, stridast'; av *dis- 1 og lat. putare 'dømme om, meine'; jf norr disput(er)a)
- 1 forsvare doktoravhandlinga si offentleg d- for doktorgraden
- 2 ordskiftast; kjekle d- om noko
- So du har kanskje stilt deg tvilande til opplysinga, eller kanskje disputert om han? Eller for å slå av ironi og skadefryd; disputere er intransitivt på norsk. --Ekko 18:18, 12 oktober 2006 (UTC)
- Ja som du skjønar, skal eg kaste stein gjer eg det helst frå eit glashus! :D Intransitiv; som ikkje tar objekt. Td. ligge, du kan ikkje ligge noko. Då må du nytta det transitive legge. --Ekko 21:39, 12 oktober 2006 (UTC)
- Orsak, gløymde å logga inn. Det er meg. --Tannkrem 17:30, 12 oktober 2006 (UTC)
- Ja, viktig å sørge for dokumentasjon, for Wikipedia i sin tur brukes som kilde av andre, også når det gjelder disse anmeldelsene: https://www.lokalradio.no/nyheter/radionyheter/ivar-garberg-er-dod-6549/ Garberg fortalte på nærradioen at han iallfall én gang ble slått ned på åpen gate, og etterfølgende undersøkt på nevrologisk avdeling, Haukeland sykehus. Dette kan jo også ha hatt betydning for hvordan både mannen og utsendelsene hans utviklet seg... Mvh --Nordfra (diskusjon) 27. desember 2018 kl. 11:35 (CET)
Ein ting til
endreDet hadde kanskje vore greit med ei kjelda for denne stormuftien sitt samarbeid med Hitler òg. Anten i denne artikkelen eller i ein eigen artikkel om den aktuelle stormuftien. For dei aller færraste kjenner vel til kva ein stormufti er, og at han har samarbeida med Hitler. Her ser det ut som eit ålmennt kjent faktum. --Tannkrem 18:37, 12 oktober 2006 (UTC)
- Eg er samd med Tannkrem i at me bør få ein nynorsk Wikipedia-artikkel um muftien, Haj Amin Al-Hussseini. Den engelske artikkelen kan vel nyttast som eit utgangspunkt for omsetjing til norsk, http://en.wikipedia.org/wiki/Haj_Amin_Al-Husseini. Linuxboksen
Kjelder
endreDenne artikkelen lir under ein langvarig mangel på kjelder. Sist eg etterlyste ei kjelda, i forrige avsnitt på denne diskusjonssida, fekk eg eit svar som ikkje hadde noko med saka å gjera.
Etter mi meining er ikkje dei kjeldene som ligg her, og opplysningane som er henta frå dei, gode nok til å gjera denne personen leksikonverdig ein gong. Det er ikkje sjølvsagt at leiaren i eit einmannsparti som har stilt til val ein gong, er leksikonverdig dersom han ikkje har vore spesielt synleg, då ville det ha vore nok å skriva kven han var i artikkelen om partiet. Det er ikkje sjølvsagt at ein sjølvstendig næringsdrivande radiovert i ein lokalradio er leksikonverdig, det naturlege ville ha vore å skriva namnet hans i ein artikkel om radiostasjonen. Ut frå kjeldegrunnlaget burde denne artikkelen i utgangspunktet verta sletta.
Når det er sagt så trur eg at personen er leksikonverdig. Han ser ut til å ha vore omtala i riksmedia ved fleire høve og jamvel vore granska av Dokument 2 på TV2 i ein eller annan samanheng. Han ser ut til å vera ein relativt kjend person. Men det burde me altså hatt kjelder for i artikkelen. Det burde òg vore gjengitt kva som vart teke opp i Dokument 2-programmet. Det er mykje meir relevant enn at SOS Rasisme melder folk til politiet. Difor legg eg inn malen for artiklar som manglar kjelder. --Tannkrem 9. mai 2010 kl. 18:39 (CEST)
- Eg synest det er betre om ein som hadde kjelder bygde artikkelen opp på nytt, så eg føreslår rett og slett sletting. Dette er for kontroversielt til at det kan stå udokumentert. Kven veit om det ikkje også er unøytralt? --EIRIK\diskusjon 9. mai 2010 kl. 19:07 (CEST)
- Denne artikkelen vart skriven fordi nokon ville ha ei opplysning vekk frå artikkelen om einmannspartiet, og til slutt kom fram til argumentet om at det som handla om mannen sine politiske meiningar og ytringar høyrde heime i ein artikkel om mannen, ikkje partiet. Eg gav til slutt opp å få noko brukbar artikkel ut av det oppslagsordet som verkeleg er eit oppslagsord, der det absolutt skulle ha stått noko om einmannspartiet sine politiske meiningar. At dei står her i staden er ikkje noko fornuftig situasjon, men sånn vart det. Støttar sletting dersom det ikkje vert rydda, verifisert og objektivisert. --Tannkrem 9. mai 2010 kl. 22:26 (CEST)
Mobilsurf AS - flytta til diskusjon
endre"Aksjekapitalen var på ein halv million kroner. Garberg vart dagleg leiar, Nistad styreformann, og båe tok kvar sin son med seg inn i styret. Den internasjonale delen vart administrert frå Estland. Ifølge Garberg vart programvaren utvikla i samarbeid med Microsoft medan han framleis holdt på med Radio Bergen. Programvaren gjorde det mogeleg å surfe på nett frå ein vanleg mobiltelefon. [1]"
Detaljene høyrer heller heime i artikkelen om "mobilselskapet". 178.232.81.104 7. august 2018 kl. 19:15 (CEST)
- ↑ "Garberg online", Bergensavisen, 19. september 2006