[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Verdscupen i skihopping 1989

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skihopping 1989 omfatta 20 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 3. desember 1988 i Thunder Bay i Canada og vart avslutta i storbakken i Planica den 26. mars 1989. Dei 20 tevlingane fordelte seg på 7 i normalbakkar, 12 i storbakkar og eitt skiflygingsrenn. Hopprenna under Ski-VM i Lahti talde ikkje med i verdscupen.

Jan Boklöv frå Sverige vann FIS-premien, pr 2021 den einaste svenske skihopparen som har vunne turneringa. Han sigra i fem av dei tjue enkelttevlingane og vann med stor margin til andremann. Åtte norske deltakarar sanka poeng og syrgde for triumf i landslagstevlinga, like framom fjorårsvinnar Finland.

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Jan Boklöv  Sverige 249 5
2 Jens Weißflog  Aust-Tyskland 192 5
3 Dieter Thoma  Vest-Tyskland 167 2
4 Ole Gunnar Fidjestøl  Noreg 145 1
5 Ari-Pekka Nikkola  Finland 136
6 Risto Laakkonen  Finland 132 2
7 Jon Inge Kjørum  Noreg 132 1
8 Ernst Vettori  Austerrike 125
9 Matti Nykänen  Finland 106 2
10 Josef Heumann  Vest-Tyskland 84
11 Mike Holland  USA 81 1
12 Ladislav Dluhoš  Tsjekkoslovakia 79
13 Roberto Cecon  Italia 58
14 Andreas Felder  Austerrike 56
15 Vegard Opaas  Noreg 55 1
16 Jiří Parma  Tsjekkoslovakia 54
17 Franz Neuländtner  Austerrike 50
18 Jari Puikkonen  Finland 45
19 Pavel Ploc  Tsjekkoslovakia 42 1
20 Thomas Klauser  Vest-Tyskland 42
21 Kent Johanssen  Noreg 41
22 Pekka Suorsa  Finland 41
23 Andreas Bauer  Vest-Tyskland 39
24 Werner Haim  Austerrike 39
25 Erik Johnsen  Noreg 37
26 Martin Švagerko  Tsjekkoslovakia 37
27 Clas Brede Bråthen  Noreg 36