Matti Nykänen
Matti Nykänen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 17. juli 1963 Jyväskylä |
Død | 4. februar 2019 (55 år) Joutseno |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1984 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1984 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Laghopp |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen, ridder av 1. klasse av Finlands løves orden |
Matti Nykänen (17. juli 1963–4. februar 2019) var tidenes mestvinnande skihoppar. I 1980-åra dominerte Nykänen internasjonal hoppsport som ingen andre har gjort, verken før eller seinare.
Nykänen var berre 18 år gamal då han i VM i Holmenkollen i 1982 kunne feira sin første store triumf. Han tok òg ein tittel i dei tre påfølgjande verdsmeisterskapane, i 1985, 1987 og 1989.
Etter den fyrste hoppvekesigeren i 1983 vann Nykänen sesongen etter gull i storbakken i OL i Sarajevo. I 1985 blei han verdsmeister i skiflyging i Planica, og hadde dermed gått til topps i alle dei viktigaste konkurransane. I 1987 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.
Nykänens kanskje aller beste sesong var i 1988, då han etter hoppvekesigeren dominerte fullstendig, og tok alle tre gullmedaljane i OL i Calgary. Nykänen tok si siste internasjonale medalje under VM i skiflyging i Vikersund i 1990 med sølv. Då han la opp i 1991, hadde han vunne 46 verdscuprenn.
Etter hoppkarrieren
[endre | endre wikiteksten]Han fekk stadig større alkoholproblem utover i karrieren sin, og etter at han tok slutt har livet hans vore prega av rusmisbruk og vald. Hausten 2005 blei Nykänen sett i fengsel for å ha slått og mishandla kona. Då hadde det berre gått fire dagar sidan han slapp ut frå ei fengselsstraff der han sona ein dom for å ha knivstukke ein mann.
I den biografiske filmen Matti som kom i januar 2006, blei Nykänens tragiske liv etter hoppkarrieren dokumentert. I filmen blir det teikna eit bilde av ein naiv, ung Nykänen, som blir påverka av ein uheldig omgangskrets i mange av hans katastrofale vegval. Jasper Pääkönen speler Matti Nykänen i filmen. Han har aldersgrense på 18 år, men Nykänen seier sjølv at livet hans ikkje har høg nok grense.
I 2006 dukka Nykänen opp på norske TV-skjermar, i ein reklame for djuice, Telenor. I reklamen blei slagordet «Nå kan du også få kontroll» brukt, etter at det blir vist at Nykänen takkar nei til ein invitasjon til ein fest.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Matti Nykänen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Matti Nykänen» (på engelsk). Olympedia.
- Einskildmenn
- Fødde i 1963
- Døde i 2019
- Finske skihopparar
- Verdsmeistrar i skihopping
- Verdsmeistrar i skiflyging
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Olympiske meistrar for Finland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland
- Olympiske medaljevinnarar i skihopping
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1984
- Finske deltakarar under vinter-OL 1984
- Skihopparar under vinter-OL 1984
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1988
- Finske deltakarar under vinter-OL 1988
- Skihopparar under vinter-OL 1988
- Folk frå Jyväskylä