[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Vera Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vera Henriksen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mars 1927
Oslo
Død

23. mai 2016 (89 år)
Lom kommune

Yrke skodespelforfattar, skribent
Språk norsk
Far Ragnvald Alfred Roscher Lund

Vera Henriksen (fødd Vera-Margrethe Roscher Lund22. mars 192723. mai 2016) var ein norsk forfattar.

Henriksen vart fødd og voks opp i Oslo. I åra mellom 1946 og 1963 budde ho i USA, der ho studerte arkitektur og kunsthistorie. Seinare busette ho seg i Lom, der ho døydde.

Ho debuterte i 1961 med romanen Sølvhammeren, første del av Sigrid-trilogien. Bok nummer to, Jærtegn, kom i 1962, og den siste boka, Helgenkongen, kom året etter. Denne serien fekk stor suksess. Henriksen har også skrive sogespel, blant anna Asbjørn Selsbane og Sverdet, og dessutan sakprosa, som historia til Luftforsvaret og populærvitskaplege framstillingar av sagatidsemne.

Vera Henriksen skreiv mange romanar der handlinga er lagt til mellomalderen og andre historiske epokar. Fleire av bøkene hennar tar opp den problematiske overgangen frå norrøn gudetru til kristendom.

Vera Henriksen var dotter til Alfred Roscher Lund, den første sjefen for Etterretningstenesta.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Dronningsagaen (Roman) 2011
  • Sigvat (Lyrikk) 2007
  • Jarlefeiden (roman) 2003
  • Ildens sang (roman) 2002
  • Klangen av en lutt (roman) 2001
  • Veodalen (Fakta) 2001
  • Stavkjerringa (Roman) 1997
  • Luftforsvarets historie: Bind 2: Fem år i utlegd (Sakprosa) 1996
  • Luftforsvarets historie. Bind 1: Fra opptakt til nederlag (Sakprosa) 1994
  • Selja og Stad (Sakprosa) 1992
  • Skipet uten drage. Vest i havet (Ungdomsbok) 1992
  • Skipet uten drage. Månesteinen (Ungdomsbok) 1991
  • Legenda om den heilage Sunniva og Seljumennene. Presentert av Vera Henriksen. Illustrert av Inger K. Giskeødegård. Nynorsk omsetjing: Harald Grytten. Utgjevar: Klostergruppa i Selje. 1991 (Nynorsk) [1]
  • Skipet uten drage. Olav ulvunge (Ungdomsbok)1990
  • Silhuetter mot hvitt lys (Roman) 1990
  • Bodvars saga. Ravn og due (Roman) 1989
  • Mot en verdens ytterste grense. Vest for storhavet - Grønland og Vinland (Sakprosa) 1988
  • Eventyrsagaen (Barnebok) 1988
  • Rekviem for et lite dampskip (Roman) 1988
  • Under seil mot det ukjente (Sakprosa) 1987
  • Runekorset (Roman) 1986
  • Hellig Olav (Sakprosa) 1985
  • Verdenstreet. Mennesker og makt i Odins tid. (Sakprosa) 1984
  • Bodvars saga. Spydet (Roman) 1984
  • Bodvars saga. Odins ravner (Roman) 1983
  • Skjebneveven (Sakprosa) 1982
  • Med skip til lands og vanns (Sakprosa) 1981
  • Sagaens kvinner (Sakprosa) 1981
  • Kongespeil (Roman) 1980
  • Dronningsagaen (Roman) 1979
  • Riksseglet. Eit spel om makt. Noregs Boklag 1978 (Nynorsk) [2]
  • Skjærsild (Roman) 1977
  • Staupet (Roman) 1975
  • Sverdet (Dramatikk) 1974
  • Blåbreen (Roman) 1973
  • Asbjørn Selsbane. Sogespel av Vera Henriksen og Asbjørn Toms, Noregs Boklag 1972 (Nynorsk) [3]
  • Pilgrimsferd (Roman) 1971
  • Trollsteinen (Roman) 1970
  • Vargtid. Selshemnaren. Saman med Asbjørn Toms. Illustrert av Karl Erik Harr, Noregs Boklag. Historisk spel 1968 (Nynorsk) [4]
  • Glassberget (Roman) 1966
  • Helgekongen (Roman) 1963
  • Jærtegn (Roman) 1962
  • Sølvhammeren (Roman) 1961

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]