[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Volkhov

Koordinatar: 59°55′N 32°21′E / 59.917°N 32.350°E / 59.917; 32.350
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volkhov
Волхов
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Volkhov Byåpenet til Volkhov
Flagget til Volkhov Byvåpenet til Volkhov


Plassering
Volkhov is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt [[{{{føderasjonssubjekt}}}]]
Grunnlagd
Bystatus
1918
1933
Geografi
Flatevidd
 - By

108,21 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

45 592
  421,3 /km²
Koordinatar 59°55′N 32°21′E / 59.917°N 32.350°E / 59.917; 32.350
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81363
Volkhov jernbanestasjon

Volkhov (russisk Волхов) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Byen ligg 122 kilometer aust for St. Petersburg.

Volkhov ligg ved elva Volkhov, som var ei viktig ferdselsåre for skandinaviske vikingar på veg til Novgorod og Bysants. Her vart slagordet til Lenin om at «kommunisme er sovjetmakt og elektrifisering» delvis realisert ved bygging av det første vasskraftverket i Sovjetunionen, som opna 19. desember 1926 og eit aluminiumsverk som stod ferdig i 1932.

Elva Volkhov har utspring i innsjøen Ilmen og er 224 km lang, med utløp i den største innsjøen i Europa, Ladoga, 25 km nord for Volkhov.

10 km nord for Volkhov ligg Staraja Ladoga, som var den første hovudstaden i det russiske riket, grunnlagd om lag 753.

Volkhov har inngått venskapssamarbeid med Vefsn kommune i Nordland.